Fotballgruppa Otra IL
Fotballgruppa i Otra IL har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet (Evje – Hornnes – Byglandsfjord). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.
Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då Otra IL blei stifta i 1960. Saman med skigruppa og handballgruppa, er fotballgruppa i dag (2016) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 250 aktive fotballspelarar i 2015. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er Geir Daasvatn.
Anlegg
Hovudanlegget til fotballgruppa er EHbanen, den nye kunstgrasbanen ved Evje stadion frå hausten 2011. Reservebane er grasbanen ved Hornnes stadion. Om vinteren trener laga inne i hallen på Evjetun, i Årdalshallen på Byglandsfjord eller i Otrahallen på Hornnes.
Arrangement
Frå 2012 byrja fotballgruppa å arrangere ei åreviss miniturnering for born mellom 8 og 12 år. Turneringa har stadig blitt utvida. Frå 2015 heiter ho Europris Vårcup og vert arrangert i april månad. Europris Evje var hovudsponsor for turneringa i 2015, og har teikna ny avtale for 2016-2017.
Historie

Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964 i Vest-Agder Fotballkrets, og igjen i 1967. I 1975 gjorde smågutelaget ein spesiell prestasjon, då laget spelte heile sesongen utan å sleppe inn eit einaste mål (målforskjell 60-0). Fleire av dei same spelarane var med vidare på gutelaget i 1976, som vart krinsmeistar i Gutar B-klassen. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt gutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen (krinsmeisterskapen) blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste gutelaget på heile Sørlandet.
A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.
Seinare kom det eit oppsving i 1989, då A-laget igjen vann 6. divisjon, og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.
I 2010 vann A-laget 6. divisjon avdeling 3. Men i sluttspillkampar om opprykk til 5. divisjon vart det to tap (Kvinesdal 1-2, Randesund 2 0-9), og laget rykka ikkje opp. I dag (2016) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.
Lag
- A-lag 1964
- A-lag 1967
- Guttelag 1976
- Guttelag 1977
- A-lag 1979
- A-lag 1980
- A-lag 1981
- A-lag 1982
- A-lag 1983
- Lilleputtlag 1983
- A-lag 1989
- Damelag 1999
- A-lag 2010
- A-lag 2011
- A-lag 2015
- Gutter-12 2015
- Jenter-14 2015
- Gutar-14 2015
- Jenter-11 2015
- Gutter-16 2015
- A-lag 2016
- Gutar-13 2016
Leiarar
- Gunnar Andersen 1960
- Helge Salvesen 1961
- Bjarne Haugjord 1962, 1969
- Kristian Kvitne 1963-1965, 1974
- Ingolf Wiberg 1966
- Arvid Pedersen 1967
- Gerhard Grøtteland 1968
- Kjell Kristian Rike 1970-1971
- Olav Dølemo 1972
- Kjell Fauske 1973
- Tom Haugland 1975
- Odd Helge Olsen 1976
- Inge Haukom 1977
- Bjørn Egil Andersen 1978-1979
- Petter Holm 1980-1981
- Bjørn Einar Svee, 1982-1985, 1989-1990
- Ivan Kowalewski 1986
- Rolf Haukom 1987-1988, 1998-1999
- Geir Daasvatn 1991-1995, 2008-
- Rune Langeland 1996
- Ronny Reigstad 1997
- Kjell Hansen 2000
- Odd Arne Skjeggedal 2001-2002
- Sigrid Kallhovd 2003-2004
- Aud Åsen Haugsgjerd 2005
- Olav Andreas Erdvig 2006-2007
Kjelder
- Fotballgruppa sin Handlingsplan for 2014-2018
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok om Otra IL, utgjeve 2010, side 155-206