Tjurremovegen
Tjurremovegen er ein veg i Hylestad heilt sør i Valle kommune. Han går frå Riksveg 9 på vestsida av Otra mellom Besteland i sør og Helle i nord, forbi Tjurrmo og vidare austover over Otra på Tjurrmodammen til han rett etter demningen møter den private vegen mellom Straume og Heistad i Bygland. Vegen er omlag 700 meter lang.