Feddufs

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. januar 2015 kl. 09:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Feddufs er ein gamal, liten og bratt husmannsplass ovanfor garden Lii i Oveinang i Valle. Feddufs var plass under Flateland. Mellom dei som budde på plassen, var Olav Olsson Rygnestad og Åse Åsmundsdotter Dale. Dei var foreldre til ein syskjenflokk på seks, mellom dei den kjende presten og religionsgranskaren Torleif O. Homme.

Feddufs er for lenge sidan fråflytt. Men vollane ligg der, og ei lita løe, som talande minne om det som ein gong var.

Kjelder

Olav Arne Kleveland, Torleif Homme - Med hjartespråket som leiestjerne, utgjeve av Valle Sogelag, 2005, s. 11