Åraksbø
Åraksbø er ei grend på austsida av Åraksfjorden i Bygland kommune. Åraksbø ligg 6 km sør for Ose og 15 km nord for kommunesenteret. Fylkesveg 323 går gjennom grenda nede ved Åraksfjorden, med sidevegar frå nord og sør inn til sjølve grenda. Sandnes kyrkje ligg i Åraksbø, som er delt av Hovassåne, elva som kjem frå Hovatn.
I 2011 budde det totalt 82 menneske på Åraksbø og Sandnes.[1]
I 1845-1850 var det eit kort og kostbart gruveeventyr i Åraksbø. Konsul Gottleb Ferdinand Reinhardt skipa Det Sæthersdalske Kobberverk, og sette i gang med gruvedrift etter kopar i områda rundt Straumsfjorden i Valle. Smelteverk, med kolhus, rostehus, smeltehytte med to masovnar, teglverk og damanlegg, blei sett opp i Åraksbø. Det rådde stor optimisme i starten. Opp mot 100 mann skal ha arbeidd ved verket. Men det synte seg snart at drifta ikkje gjekk slik ein hadde håpa. Transporten frå Straumsfjorden til Åraksbø var lang, strevsam og kostbar. Det var mangel på kapital i selskapet, og det heile gjekk med eit dundrande underskot. I 1850 vart koparverket lagt ned, og industrieventyret i Åraksbø var over.
Kart
Referansar
Kjelder
- Vandringar i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, s. 322-325