Vidar Toreid
| Vidar Toreid | ||
|---|---|---|
| Født: | 29. september 1947 (78 år) | |
Vidar Toreid (fødd 29. september 1947) var kommunelege i Bygland frå 1977 til 2008. Han sa opp fastlegeavtalen fordi han ikkje lenger fekk lov til å arbeide på det kommunale legekontoret. Han slutta då som smittevernlege i Bygland.
Etter at han slutta i legestilinga i 2008, har han arbeidd som vikarlege i Åseral, Hægebostad, Audnedal, Marnardal og Eiken. Dessutan har han stadig hatt oppdrag for Norsk Pasientskaderstatning for å lage faglege uttalar til saker som vert handsama der. Han er og med i legevaktsamarbeid for kommunane i indre Vest-Agder.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: -FÅr ikkje så mykje som ein vikartime på skulen eingong. Artikkel i Setesdølen nr. 98, 2015 side 9