Oddefossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. november 2014 kl. 10:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddefossen ved flaum i Oddeåna 24. oktober 2013. Foto: Geir Daasvatn

Oddefossen er eit om lag 10-12 meter høgt fossefall i Oddeåna, rett etter Oddestemmen og rett sør for brua over Oddeåna på fylkesvegen oppover mot Flatebygd. Ved normal vasstand gjer ikkje fossen så mykje av seg. Men når det har vore mykje nedbør, og vassføringa i elva er stor, kan han vere eit mektig syn.