Nasjonal Sykkelrute nr. 3: Skilnad mellom versjonar
s lenker |
utvida noko meir |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
Frå Vigeland Hovedgård går ruta på sykkelsti til Vennesla sentrum. Der kan ein ta ein avstikkar til Vennesla kyrkje, som er frå 1830. Men Nasjonal Sykkelrute nr. 3 kryssar Otra og går på vestsida over Moseidmoen og oppover langs vestsida av Venneslafjorden til Bommen Fløtningsmuseum. Huset her er frå 1600-talet. Her vart tømmeret som kom nedover elva, samla og sortert. Så syklar ein vidare oppover til Steinsfoss kraftverk, der ein igjen kryssar Otra og møter [[Setesdalsbanen]]. Så går ferda opp bakkane mot Kringsjå, som var Kristiansands eldste kraftstasjon, i drift fra 1900 til slutten av 1950-åra. Her går ruta på grusveg forbi Beihølen og Skisland til Røyknes, som er endestasjonen for museumsjernbanen. Strekningen mellom Grovane og Røyknes er litt kupert, men frå Røyknes er det ikkje mykje stigning. Her følgjer ruta den gamle jernbanestrekningen. | Frå Vigeland Hovedgård går ruta på sykkelsti til Vennesla sentrum. Der kan ein ta ein avstikkar til Vennesla kyrkje, som er frå 1830. Men Nasjonal Sykkelrute nr. 3 kryssar Otra og går på vestsida over Moseidmoen og oppover langs vestsida av Venneslafjorden til Bommen Fløtningsmuseum. Huset her er frå 1600-talet. Her vart tømmeret som kom nedover elva, samla og sortert. Så syklar ein vidare oppover til Steinsfoss kraftverk, der ein igjen kryssar Otra og møter [[Setesdalsbanen]]. Så går ferda opp bakkane mot Kringsjå, som var Kristiansands eldste kraftstasjon, i drift fra 1900 til slutten av 1950-åra. Her går ruta på grusveg forbi Beihølen og Skisland til Røyknes, som er endestasjonen for museumsjernbanen. Strekningen mellom Grovane og Røyknes er litt kupert, men frå Røyknes er det ikkje mykje stigning. Her følgjer ruta den gamle jernbanestrekningen. | ||
Frå Røyknes til Kile er det sju tunnellar på strekningen, bare to av dei har lys. Ein passerer først Nomeland kraftverk frå 1920. Då kraftverket vart bygd, måtte jernbanen leggjast om. Det gamle sporet ligg på botnen av fjorden, men sykkelruta fylgjer det nye sporet oppover langs vestsida av Nomelandsfjorden til [[Iveland kraftverk]]. Her går det veg austover mot Iveland, men sykkelruta held fram nordover mot Gåseflådammen og Gåseflåfjorden. Frå Gåseflå til Kile er det bilfritt, og like før Hægeland stasjon kryssar vegen Kilefjorden. Så går sykkelruta på riksveg 9 vidare nordover eit stykke gjennom Kiledalen før traséen går austover att. Vel ein kilometer nord for den gamle jernbanebrua kryssar ein grensa mellom Vest-Agder og kjem inn i Aust-Agder. Ved Kile Camping kjem ruta ut på bilveg att og fylgjer riksveg 9 nordover til krysset inn til Hodne sag. Der fylgjer ruta ein eldre parsell av Setesdalsvegen forbi Hornekilen til Slettefit. Like før fotoboksane før Moisund kjem ein ut på riksvegen att og fylgjer den eit stykke før ein tek av og syklar gjennom Moisund forbi Moisund bedehus. Etter Hannås må ein igjen krysse riksveg 9 og fylgje den gamle traséen til Setesdalsbanen forbi Gocartbanen til [[Mineralparken]] og vidare gjennom Hornnesbygda forbi [[Hornnes kyrkje]] før ein kryssar [[Dåsåna]] og kjem over på [[Dåsnes]]. | |||
==Kjelde== | |||
*[http://www.midt-agderfriluft.no/Wiki.jsp?page=SykkelruteNr3 Nasjonal Sykkelrute nr. 3 hos Midt-Agder Friluftsråd] | |||
[[Kategori:Riksveg 9]] | |||
Versjonen frå 5. juli 2013 kl. 10:42

Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går frå Kristiansand til Haukeligrend. Ruta vart opna i 2002. Deler av strekninga fylgjer ruta Riksveg 9, men Nasjonal Sykkelrute nr. 3 fylgjer helst parallelle vegar på strekninga.
Eigentleg startar ruta i Hamburg og går gjennom Danmark til Hirtshals. Derifrå må ein ta ferje til Kristiansand. Frå Kristiansand til Vennesla er det ein etappe som er etter måten flat og lett å sykle. Her følgjer ein Riksveg 9. I byen er det naturleg å sykle over Grim opp til Krossen. Der skiljer Nasjonal Sykkelrutee nr. 3 seg frå Nasjonal Sykkelrute nr. 1, som følgjer Gamle Vestlandske hovedvei, mens den som skal til Haukeligrend, syklar vidare langs Setesdalsveien over Dalane og Strai til Mosby. På Mosby kan ein sjå restar etter gamle kaianlegg i Otra. Ruta kryssar elva på ei hengebru og går vidare på austsida frå Haus mot Vennesla. Det er 6 km på trafikkert veg til Vennesla. På strekningen passerer ein Vigeland Hovedgård, ein herregard frå midt på 1800-talet. Her finn ein i dag kunsthandverkarar og restaurant.
Frå Vigeland Hovedgård går ruta på sykkelsti til Vennesla sentrum. Der kan ein ta ein avstikkar til Vennesla kyrkje, som er frå 1830. Men Nasjonal Sykkelrute nr. 3 kryssar Otra og går på vestsida over Moseidmoen og oppover langs vestsida av Venneslafjorden til Bommen Fløtningsmuseum. Huset her er frå 1600-talet. Her vart tømmeret som kom nedover elva, samla og sortert. Så syklar ein vidare oppover til Steinsfoss kraftverk, der ein igjen kryssar Otra og møter Setesdalsbanen. Så går ferda opp bakkane mot Kringsjå, som var Kristiansands eldste kraftstasjon, i drift fra 1900 til slutten av 1950-åra. Her går ruta på grusveg forbi Beihølen og Skisland til Røyknes, som er endestasjonen for museumsjernbanen. Strekningen mellom Grovane og Røyknes er litt kupert, men frå Røyknes er det ikkje mykje stigning. Her følgjer ruta den gamle jernbanestrekningen.
Frå Røyknes til Kile er det sju tunnellar på strekningen, bare to av dei har lys. Ein passerer først Nomeland kraftverk frå 1920. Då kraftverket vart bygd, måtte jernbanen leggjast om. Det gamle sporet ligg på botnen av fjorden, men sykkelruta fylgjer det nye sporet oppover langs vestsida av Nomelandsfjorden til Iveland kraftverk. Her går det veg austover mot Iveland, men sykkelruta held fram nordover mot Gåseflådammen og Gåseflåfjorden. Frå Gåseflå til Kile er det bilfritt, og like før Hægeland stasjon kryssar vegen Kilefjorden. Så går sykkelruta på riksveg 9 vidare nordover eit stykke gjennom Kiledalen før traséen går austover att. Vel ein kilometer nord for den gamle jernbanebrua kryssar ein grensa mellom Vest-Agder og kjem inn i Aust-Agder. Ved Kile Camping kjem ruta ut på bilveg att og fylgjer riksveg 9 nordover til krysset inn til Hodne sag. Der fylgjer ruta ein eldre parsell av Setesdalsvegen forbi Hornekilen til Slettefit. Like før fotoboksane før Moisund kjem ein ut på riksvegen att og fylgjer den eit stykke før ein tek av og syklar gjennom Moisund forbi Moisund bedehus. Etter Hannås må ein igjen krysse riksveg 9 og fylgje den gamle traséen til Setesdalsbanen forbi Gocartbanen til Mineralparken og vidare gjennom Hornnesbygda forbi Hornnes kyrkje før ein kryssar Dåsåna og kjem over på Dåsnes.