Syrtveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Gå til: navigasjon, søk

Syrtveit er den nørdste garden i Evje. Namnet kjem frå elvenamnet Syå, lia opp for Syrtveitbekken heiter Syålia. Garden var udelt til rundt 1600, så vart han delt i fem bruk på to-tre generasjonar. Det har vore fire øygardar som har høyrt til under Syrtveit.

Ved Syrtveitfossane er det laga rasteplass på vestsida av Riksveg 9. Setesdal miljø og gjenvinning IKS har avfallsdeponi for heile Setesdal på Syrtveit, og like nord for avfallsdeponiet ligg Evje Bilopphogging bare 100 meter frå Otra. Lenger nord på Syrtveit, på austsida av vegen, ligg Troll Aktiv med Evje Vandrerhjem og Syrtveit Ridesenter. Mellom Troll Aktiv og Syrtveit rasteplass ligg Syrtveit Fiskeanlegg på vestsida av vegen heilt nede ved Otra.

[rediger] Kjelder

[rediger] Kart

Laster kart...
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Navigasjon
Verktøy