Vidar Toreid: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Bygland Helselag
Siri J (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 7: Line 7:


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: ''-FÅr ikkje så mykje som ein vikartime på skulen eingong.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 98, 2015]] side 9
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: ''-Får ikkje så mykje som ein vikartime på skulen eingong.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 98, 2015]] side 9
*Sigurd Haugsgjerd, ''Legen som berre pasientane vil ha'', artikkel i [[Setesdølen nr. 65, 2017]], side 9
*Sigurd Haugsgjerd, ''Legen som berre pasientane vil ha'', artikkel i [[Setesdølen nr. 65, 2017]], side 9



Versjonen frå 12. januar 2022 kl. 02:03

Vidar Toreid
Født: 29. september 1947 (78 år)

Vidar Toreid (fødd 29. september 1947) var distriktslege og seinare kommunelege i Bygland frå 4. januar 1977 til 2008. Han sa opp fastlegeavtalen fordi han ikkje lenger fekk lov til å arbeide med privat pasientpraksis på det kommunale legekontoret. Han blei etterkvart også sagt opp som smittevernlege i Bygland.

Etter at han slutta i legestilinga i 2008, har han arbeidd som vikarlege i Åseral, Hægebostad, Audnedal, Marnardal og Eiken. Dessutan har han stadig hatt oppdrag for Norsk Pasientskaderstatning for å lage faglege uttalar til saker som vert handsama der. Han er og med i legevaktsamarbeid for kommunane i indre Vest-Agder. Han har søkt ei rekke utlyste legestillingar i kommunane i Setesdal, minst 15 seier han sjølv. Men han har aldri fått nokon av desse.

Vidar vaks opp i Valle. Han har ei stor interesse for folkedans og kveding, og for målsaka. Han har også vore ein sentral person i Bygland helselag. Han har vore med i idrettslaget på Bygland, og i ungdomslaget. Legeutdanninga gjennomførte han på Island.

Kjelder