Lidtveit (Bygland gnr. 22): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Rettet skrivefeil bildetekst |
s Kart |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 423-518 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 423-518 | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.9379529470646,7.765450476435944~Lidtveit Bygland}} | |||
Versjonen frå 27. september 2017 kl. 00:19

Foto: Geir Daasvatn
Lidtveit er ein gard (gnr. 22) i grendelaget «Gardan» i Åraksbø i Bygland. Garden ligg på flata etter at ein har passert Nordenå og Gakkestad på veg oppover i terrenget. Vidare langs vegen ligg den siste garden i Åraksbø, Haugetveit. Gardstuna ligg 450-500 m.o.h.
I sør og vest grensar Lidtveit mot Gakkestad. Mot nord-vest er det grense mot Skore og Søndre Austad. Grensa mot aust er Hovassåni. Det er eit par kilometer mot nord til Hovatn.
Det kom bygdeveg fram til Lidtveit først i 1916.
Historie
Garden blei nok lagt øyde ein gong etter Svartedauden, og rydda opp igjen på byrjinga av 1600-talet. Det var to hovudbruk i garden til 1660, og seinare tre bruk fram til ca. 1900.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 423-518
Kart
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.