Fjermedal: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Fjermedal Iveland
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: lenkefiks
Line 8: Line 8:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Aslak Fjermedal (1891)|Aslak Fjermedal]], ''[[Iveland II. Ålmenn kultursoge]]'', utgjeve av [[Iveland bygdesogenemnd]], 1962, side 148-150
*[[Aslak Fjermedal (1891)|Aslak Fjermedal]], ''[[Iveland II - Ålmenn kultursoge]]'', utgjeve av [[Iveland bygdesogenemnd]], 1962, side 148-150
*Aslak Fjermedal, ''Iveland I, Gards- og ættesoge'', utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 874-887
*Aslak Fjermedal, ''[[Iveland I - Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 874-887


[[Kategori:Garder i Iveland]]
[[Kategori:Garder i Iveland]]

Versjonen frå 10. november 2016 kl. 16:58

Fjermedal er ein gard (gnr. 62) i Fjermedalen nord-aust i Iveland, på grensa mot Vegusdal i Birkenes. Gjennom garden og dalen renn Fjermedalsåna. Fjermedal er ein av landnåmsgardane i Iveland. Det er to bruk på garden, «Der ute» og «Der ne´e». På «Der ute» bur det ikkje lenger folk. Bygdesogeskrivaren Aslak Fjermedal kom frå «Der ne´e». Her ligg også Iveland og Vegusdal bygdemuseum. Sonesonen Aslak Fjermedal jr. bur på dette bruket i dag saman med sambuar Marit Fjordheim.

Fornminne

Borgjåsen ligg ei bygdeborg. Det er også 7-8 kjende gravhaugar på garden.

Historie

Bygdeborga gjer at garden truleg minst må vere frå folkevandringstida (400-600 e. Kr.). På 1500- og 1600-talet var han kyrkjegods for Iveland kyrkje. Rundt 1680 delte to brødre garden mellom seg, og bygsla kvar sin halvpart. Frå denne tida har det vore to bruk på garden. I 1723 selde Kongen kyrkja og kyrkjegodset. Fjermedal blei seld til kaptein Peter Brun. Han selde garden vidare til Torgeir Pedersen i 1724, og etter det var garden sjølveigargods.

Kjelder