Fotballgruppa Otra IL: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Historie: lenke til 1981-laget
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Historie: lenke damelaget 1999
Line 10: Line 10:
A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. [[Otra ILs A-lag 1981|I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon]] (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.  

Seinare kom det eit oppsving i 1989, då [[Otra ILs A-lag 1989|A-laget igjen vann 6. divisjon]], og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.
Seinare kom det eit oppsving i 1989, då [[Otra ILs A-lag 1989|A-laget igjen vann 6. divisjon]], og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. [[Otra ILs damelag 1999|Damelaget]] vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.

I dag (2014) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.
I dag (2014) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.

Versjonen frå 15. februar 2015 kl. 10:49

Fotball skaper venskap. Jenter frå Otra og Guayaquil i Ecuador etter venskapskamp på EHbanenEvje 18. juni 2014.

Fotballgruppa i Otra IL har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet (EvjeHornnesByglandsfjord). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.

Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då Otra IL blei stifta i 1960. Saman med skigruppa og handballgruppa, er fotballgruppa i dag (2013) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 225 aktive fotballspelarar i 2012. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er Geir Daasvatn.

Historie

Det gode smågutelaget i 1975, som vann alle kampane sine og hadde 60-0 i målforskjell då sesongen var slutt.
Foto: Faksimile Setesdølen

Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964, og igjen i 1967. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt smågutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste smågutelaget på heile Sørlandet.

A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.

Seinare kom det eit oppsving i 1989, då A-laget igjen vann 6. divisjon, og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.

I dag (2014) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.

Leiarar

Sigrid Kallhovd var leiar i fotballgruppa i 2003-2004, og var den første kvinna i leiarvervet.
Foto: Geir Daasvatn

Kjelde

  • Fotballgruppa sin Handlingsplan for 2014-2018

Eksterne lenker

Fotballsida på Otra IL si heimeside