Fotballgruppa Otra IL: Skilnad mellom versjonar
s Liten tilføyelse i innledningsordet |
s →Historie: Bilde småguttelag 1975 |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
==Historie== | ==Historie== | ||
[[Fil:Småguttelag 1975.jpg|miniatyr|høyre|Det gode smågutelaget i 1975, som vann alle kampane sine og hadde 60-0 i målforskjell då sesongen var slutt. {{Byline|Faksimile [[Setesdølen]]}}]] | |||
Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964, og igjen i 1967. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt smågutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste smågutelaget på heile Sørlandet. | Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964, og igjen i 1967. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt smågutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste smågutelaget på heile Sørlandet. | ||
Versjonen frå 12. januar 2015 kl. 08:00
Fotballgruppa i Otra IL har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet (Evje – Hornnes – Byglandsfjord). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.
Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då Otra IL blei stifta i 1960. Saman med skigruppa og handballgruppa, er fotballgruppa i dag (2013) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 225 aktive fotballspelarar i 2012. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er Geir Daasvatn.
Historie

Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964, og igjen i 1967. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt smågutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste smågutelaget på heile Sørlandet.
A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.
Seinare kom det eit oppsving i 1989, då A-laget igjen vann 6. divisjon, og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.
I dag (2014) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.
Leiarar
- Gunnar Andersen 1960
- Helge Salvesen 1961
- Bjarne Haugjord 1962, 1969
- Kristian Kvitne 1963-1965, 1974
- Ingolf Wiberg 1966
- Arvid Pedersen 1967
- Gerhard Grøtteland 1968
- Kjell Kristian Rike 1970-1971
- Olav Dølemo 1972
- Kjell Fauske 1973
- Tom Haugland 1975
- Odd Helge Olsen 1976
- Inge Haukom 1977
- Bjørn Egil Andersen 1978-1979
- Petter Holm 1980-1981
- Bjørn Einar Svee, 1982-1985, 1989-1990
- Ivan Kowalewski 1986
- Rolf Haukom 1987-1988, 1998-1999
- Geir Daasvatn 1991-1995, 2008-
- Rune Langeland 1996
- Ronny Reigstad 1997
- Kjell Hansen 2000
- Odd Arne Skjeggedal 2001-2002
- Sigrid Kallhovd 2003-2004
- Aud Åsen Haugsgjerd 2005
- Olav Andreas Erdvig 2006-2007
Kjelde
- Fotballgruppa sin Handlingsplan for 2014-2018