Fotballgruppa Otra IL: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Føyd til kretsmesterskap for damlegaget i 1999
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Føyd til litt om formål og målsetninger + kilde for oppl
Line 1: Line 1:
'''Fotballgruppa''' var ei av dei opprinnelege gruppene då [[Otra IL]] blei stifta i 1960. Saman med [[skigruppa]] og [[handballgruppa]], er fotballgruppa i dag (2013) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 225 aktive fotballspelarar i 2012. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er [[Geir Daasvatn]].
'''Fotballgruppa''' har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet ([[Evje]] – [[Hornnes]] – [[Byglandsfjord]]). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.
 
Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då [[Otra IL]] blei stifta i 1960. Saman med [[skigruppa]] og [[handballgruppa]], er fotballgruppa i dag (2013) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 225 aktive fotballspelarar i 2012. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er [[Geir Daasvatn]].


==Historie==
==Historie==
Line 37: Line 39:
* [[Aud Åsen Haugsgjerd]] 2005
* [[Aud Åsen Haugsgjerd]] 2005
* [[Olav Andreas Erdvig]] 2006-2007
* [[Olav Andreas Erdvig]] 2006-2007
==Kjelde==
*Fotballgruppa sin ''Handlingsplan for 2014-2018''


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 11. desember 2014 kl. 00:58

Fotballgruppa har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet (EvjeHornnesByglandsfjord). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.

Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då Otra IL blei stifta i 1960. Saman med skigruppa og handballgruppa, er fotballgruppa i dag (2013) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 225 aktive fotballspelarar i 2012. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er Geir Daasvatn.

Historie

Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964, og igjen i 1967. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt smågutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste smågutelaget på heile Sørlandet.

A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.

Seinare kom det eit oppsving i 1989, då A-laget igjen vann 6. divisjon, og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.

I dag (2014) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.

Leiarar

Kjelde

  • Fotballgruppa sin Handlingsplan for 2014-2018

Eksterne lenker

Fotballsida på Otra IL si heimeside