Syrtveit Fiskeanlegg: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Bilete
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Oppdatert
Line 5: Line 5:


Syrtveit Fiskeanlegg blei bygd i 1991, og har for tida (2015) to tilsette: [[Bernt Olaf Martinsen]] (fagspesialist) og [[Nils Børge Kile]] (prosjektmedarbeidar).
Syrtveit Fiskeanlegg blei bygd i 1991, og har for tida (2015) to tilsette: [[Bernt Olaf Martinsen]] (fagspesialist) og [[Nils Børge Kile]] (prosjektmedarbeidar).
== Nye planar ==
Kultiveringsarbeidet for å ta vare på bleka har vore vellukka og bestanden av bleke har tatt seg opp. Eigarane har på bakgrunn av dette søkt om å avslutte kultiveringsarbeidet. Selskapet [[Fyri Fish]] AS har inngått avtale om å overta anlegget på Syrtveit. Fyri Fish AS ønskjer å utvikle området for å kunne produsere settefisk, og etter kvart matfisk, noko som inneber bygging av nye produksjonslokale på området. Ein ønskjer samstundes å legge til rette for å ta opp igjen kultiveringsarbeidet dersom det vert naudsynt. Eksisterande infrastruktur knytt til vassinntak og utslepp er planlagt vidareført som i dag. Dei nye planane er for tida (mars 2025) til handsaming som ei reguleringssak i Evje og Hornnes kommune.   


== Historie ==
== Historie ==
Line 11: Line 14:
*[[Kåre Hodne]], ''Setesdal Settefisk AS og bleka'', artikkel i Agder Energi sitt internmagasin A-magasinet nr. 2/2001, side 16
*[[Kåre Hodne]], ''Setesdal Settefisk AS og bleka'', artikkel i Agder Energi sitt internmagasin A-magasinet nr. 2/2001, side 16
*[http://obrugseier.no/syrtveit-fiskeanlegg/ Om Syrtveit Fiskeanlegg på nettsida til Otteraaens Brugseierforening]
*[http://obrugseier.no/syrtveit-fiskeanlegg/ Om Syrtveit Fiskeanlegg på nettsida til Otteraaens Brugseierforening]
*''Detaljregulering for Syrtveit fiskeanlegg, gnr./bnr. 57/11 m.fl., Evje og Hornnes kommune - Tinging av oppstartsmøte og planinitiativ'', dagsett 11. november 2024


== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker/litteratur ==
*[http://obrugseier.no/syrtveit-fiskeanlegg/ Syrtveit Fiskeanlegg på heimesida til Otteraaens Brugseierforening]
*[http://obrugseier.no/syrtveit-fiskeanlegg/ Syrtveit Fiskeanlegg på heimesida til Otteraaens Brugseierforening]
*[[Sigmund Skomedal]], ''[[I skiftende tider og inn i en ny tid]]'', utgjeve av [[Otteraaens Brugseierforening]], 2000, side 144–145


[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Otra]]
[[Kategori:Otra]]
[[Kategori:Etableringer i 1991]]
[[Kategori:Etableringer i 1991]]

Versjonen frå 6. mars 2025 kl. 11:14

Fiskeanlegget ligg like inntil fossande Otra.

Syrtveit Fiskeanlegg (tidlegare Setesdal Settefisk) er eit kultiveringsanlegg for bleke og aure på austbreidda av OtraSyrtveit i Evje og Hornnes. Hovudoppgåva er oppdrett av den spesielle Byglandsfjordbleka. Sidan 1970-talet har eigaren, Otteraaens Brugseierforening, hatt pålegg om å sette ut 100.000 blekeyngel kvart år. I tillegg til bleke, har det vore sett ut 21.350 ein-årige aure årleg i Otra-vassdraget. Det blir også seld ein del fisk til grunneigarar og fiskelag.

Anlegget har 60 2×2 meters kar og 22 1×1 meters kar i startfôringsavdelinga, 16 3-meters kar i stamfiskavdelinga og 6 3-meters kar i uteavdelinga. I tillegg til laboratoriet, driftssentral og kontor er det ei eiga informasjonsavdeling ved akvariet der interesserte kan kome og sjå fisken gjennom glasruter. Her er også historia til bleka og fiskeanlegget godt forklart på store plansjer. Det er bilete frå eldre dagar, og nokre gamle fiskereidskaper er stilt ut.

Syrtveit Fiskeanlegg blei bygd i 1991, og har for tida (2015) to tilsette: Bernt Olaf Martinsen (fagspesialist) og Nils Børge Kile (prosjektmedarbeidar).

Nye planar

Kultiveringsarbeidet for å ta vare på bleka har vore vellukka og bestanden av bleke har tatt seg opp. Eigarane har på bakgrunn av dette søkt om å avslutte kultiveringsarbeidet. Selskapet Fyri Fish AS har inngått avtale om å overta anlegget på Syrtveit. Fyri Fish AS ønskjer å utvikle området for å kunne produsere settefisk, og etter kvart matfisk, noko som inneber bygging av nye produksjonslokale på området. Ein ønskjer samstundes å legge til rette for å ta opp igjen kultiveringsarbeidet dersom det vert naudsynt. Eksisterande infrastruktur knytt til vassinntak og utslepp er planlagt vidareført som i dag. Dei nye planane er for tida (mars 2025) til handsaming som ei reguleringssak i Evje og Hornnes kommune.

Historie

Kjelder

Eksterne lenker/litteratur