Torkjel Segberg: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Føyd til dødsdag |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
[[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1936]] | [[Kategori:Fødsler i 1936]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 2022]] | |||
Siste versjonen frå 29. oktober 2023 kl. 07:50
| Torkjel Segberg | ||
|---|---|---|
| Født: | 29. oktober 1936 | |
| Død: | 2. november 2022 (86 år) | |
Torkjel Segberg (fødd 29. oktober 1936, død 2. november 2022) vaks opp på Heggtveit i Kleivegrend i Åraksbø og arbeidde heime den fyrste tida. Då han var 28 år, begynte han på Kristiansand Jernstøperi, men sidan fekk han seg jobb i Kristiansand kommune i Ingeniørvesenet, der han var i nærare 20 år. I 1967 gifta han seg med Gudrun Segberg, dei leigde ei stund hus i Kristiansand og Vennesla før dei bygde hus i Øvrebø. Han var med i Vennesla kommunestyre for Arbeiderpartiet, og han har og møtt i Bygland kommunestyre, i eldrerådet og kontrollutvalet.
I 1963 sette han opp hus ved barndomsheimen, og då han vart pensjonist i 1995, flytta han og kona dit. Som pensjonist har han engasjert seg i skogsarbeid, bygdesogearbeid og målsak.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Torkjel Segberg 75 år. Artikkel i Setesdølen nr. 85, 2011 side 11
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, 2008, side 384–386
- Sigurd Haugsgjerd, Ein sogemann er gått ut av tida, minneord over Torkjel Segberg i Setesdølen nr. 83, 2022, side 2