Grjot
Hopp til navigering
Hopp til søk
Grjot er eit anna ord for stein. Det blir ikkje brukt så mykje i Vallemålet i dag. Men det finst i ein del stadnamn o.l. i Setesdal. Til dømes i stadnamnet Grjotet i Åraksbø i Bygland, på husmannsplassen Grjotsled i Homme i Valle, i gardsnamnet Grjotgarden i Rike, i støylsnamnet Grjotstøyl og mange fleire.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune V Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 343