Trydal (Bykle gnr. 17)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gamalt kvernhus i Trydalsbekken på Trydal.

Trydal er ein matrikkelgard (gnr. 17) i Bykle. Når ein køyrer Riksveg 9 nordover frå Valle, kjem ein først til Bjørnarå. Den neste grenda er Trydal. Grenda ligg etter måten lågt i terrenget, i ein djup kvelv innunder Storefjøddet, med gardsbruka i ein ring rundt Trydalstjønni (515 moh.). Utmarka går ned til Otra mot vest, Åsdokkine mot sør, Åsbrokkine mot aust, og mot nord grensar Trydalsgardane mot Berdalen og Bjones på toppen av Storefjøddet. I alt dreiar det seg om eit samla gardsvald på vel 25 000 mål.

Garden Trydal har gjeve namn til grenda Trydal.

Historie[rediger]

I utgangspunktet var det bare ein Trydal-gard, som alle dei andre er utkløyvde ifrå. Ut ifrå ei samla vurdering av kvar dei ulike ættegreinene på garden heldt til, tykkjest det mest truleg at Systog, bnr 2, er eldste verestaden, og altså det gamle hovudbølet.

Oldfunn tyder på at her har budd folk i vikingtida. «Om her hadde vore garddeling, og dermed fleire bruk, i vikingtid og mellomalder er uvisst, men me lyt halde det for mykje mogeleg», skriv Aanund Olsnes i artikkelen om Trydal på lokalhistoriewiki.no.

Kjelder[rediger]