Transformator (kraftverk)
Ein Transformator i eit kraftverk omformar elektrisk vekselstraum av ei viss spenning til vekselstraum av ei anna spenning. Hovudtransformatoren i eit kraftverk blir såleis brukt for å heve spenninga frå generatoren, oftast mellom 5 og 22 kV, opp til eit nivå, gjerne frå 22 til 420 kV, som tillet overføring eller samkøyring til eit område eller ein forbruksstad. Der blir spenninga sett ned att til ei føremålsteneleg distribusjonsspenning (til dømes 22 kV) eller forbruksspenning (mest vanleg 230 V).
Transformatoren blir normalt plassert så nære generatoren som mogeleg. På eit kraftverk inne i fjellet betyr det at han blir plassert anten direkte knytta til maskinsalen eller i ein eigen transformatorhall i nærleiken av maskinsalen.
Kjelder
Kulturminner i norsk kraftproduksjon, NVE-rapport nr. 52, 2013, side 66