Telefonlinje Hovden - Bjåen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Telefonlinje Hovden - Bjåen er ei verna telefonlinje nær Riksveg 9 mellom Hovden og Bjåen i Bykle.
Dette var ei rikslinje, og samstundes ei høgfjellslinje med ekstra sterke isolatorjarn og god trådavstand. 90 stolpar vart restaurert i 1996, og er ein del av norsk telemuseum. Linja blei oppført kring 1920. På kvar stolpe kan ein lesa at dette er ei verna telefonlinje.
Kjelder
- Kulturminneplan Bykle 2016-2019, pkt. 2.5