Steinsland (Evje og Hornnes gnr. 34 bnr. 5)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Våningshuset på bruket i dag.

Steinsland (Evje og Hornnes gnr. 34 bnr. 5) er eit nedlagt gardsbruk på garden Steinsland ved vestre enden av Bjørndalsvatnet i Hornnes. Den siste som dreiv bruket var Olav J. Steinsland (1889-1975). Han fekk skjøte på bruket i 1935. Men då hadde han alt hatt styringa med garden i mange år, etter at faren John O. Steinsland døydde i 1902. Olav flytta frå Steinsland til Dåsnesmoen i 1963. Framleis står våningshuset på bruket, men det er i dårleg stand.

Overnattingsstad for barnevandrarar[rediger]

Olav Steinsland har fortald at heile flokkar av barnevandrarar frå Kvinesdal, Hægebostad og Fjotland kom vestfrå og overnatta på Steinsland då han var liten gut kring århundreskiftet. Opptil 25 stykker talde han ein gong som låg studd saman på loftet. Dei yngste kunne vere ned i 7-8 år. Etter at dei hadde sove natta over på Steinsland, drog flokkane vidare austover til Evje, Vegusdal, Mykland, Herefoss og nokon gonger endå lenger.

Kjelder[rediger]