Solbakk (Bygland gnr. 18 bnr. 9)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Noko av busetnaden på Frøysnes. Solbakk er det kvite bustadhuset heilt til venstre. Det svære raude våningshuset framme er Storrvollhuset. Rett opp for Storrevollen ligg Hågevoll.
Foto: Geir Daasvatn
Solbakk (bnr. 9) er ein bustadeigedom på Frøysnes i Bygland. Han ligg på oversida av Riksveg 9, omtrent midt i grenda. Eigedomen blei skild ut frå Sollid (bnr. 7) i 1962. Året etter sette tidlegare lærar og ordførar i Bygland, Hallvard Frøysnes, opp bustadhus til familien her.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 118
- Gardskart på nett