Onsdagssending i Valle Radio 20111012

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framme frå venstre: Hildeborg Homme (Ap), Hanne Tangeraas Straume (Ap), ordførar Tarald Myrum (Sp), varaordførar Frode Verpe (H), Kristin Nomeland (Sp), Margit Dale (Sp), Sissel Åkre(V), Torleif B. Harstad (Sp). Bak: Steinar Kyrvestad (Ap), Bjørgulv T. Berg (KrF), Knut Hagen (H), Kim Pedersen (Ap), Astrid Kyte (Sp), Bjørgulv N. Berg (Sp), Nina Susanne Johnsen (H)

Onsdagssending i Valle Radio 20111012 var program for Valle Radio 12. oktober 2011. Denne kvelden overførte Valle Radio frå møte i Valle kommunestyre. Ved starten av møtet tok ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund ordet og fortalde at han ville be komande ordførar å overrekke blomar til vår ferske norgesmester i trial, Lene Dyrkorn, som ikkje kunne vere til stades på møtet. Han takka og leiar for velkomstsenteret, Jorunn Sørlie Tveiten, for samarbeidet og gav henne blomar.

Alle innvalde medlemmene var til stades.

Deretter foreslo han ei rekke endringar av saklista. Alle vart vedtekne.

Programmet hadde desse sakene:

PS 77/11 Godkjenning av kommunestyrevalet 2011

Rådmannen tilrår
  • Kommunestyret godkjenner kommunestyrevalet for 2011. Samrøystes

PS 81/11 Val av formannskap for perioden 2011 - 2015

  • Valnemnda kjem med framlegg i møtet. Samrøystes

Desse vart valde:

PS 79/11 Val av ordførar for perioden 2011 - 2015

  • Bjørgulv N. Berg foreslo Tarald Myrum. Det var skriftleg val og han vart vald med 11 stemmer for og 4 blanke stemmer.

Deretter takka Bjørgulv Lund for seg og gav ordførarklubba til Tarald Myrum, som takka for tilliten og leia resten av møtet.

PS 80/11 Val av varaordførar i perioden 2011 - 2015

  • Bjørgulv N. Berg foreslo Frode Verpe. Han vart vald med 11 røyster. Det var 4 blanke.

PS 78/11 Reglement for politiske utval 2011 - 2015

Rådmannen tilrår
  • Reglement for politiske utval pkt. 5, § 1, blir endra til fylgjande:
§1 Val og samansetjing
  • Med heimel i Kommunelovens § 10, vel kommunestyret eit planutval på 5 medlemer blant medlemene i kommunestyret. Kommunestyret vel leiar og nestleiar i utvalet.

Samrøystes

PS 82/11 Val av styre, råd og utval 2011 - 2015

Valnemnda, som hadde medlemer frå alle partia (Tarald Myrum, Frode Verpe, Bjørgulv T. Berg, Sissel Åkre og Steinar Kyrvestad), hadde framlegg til 45 utval. Framlegget vart vedteke samrøystes. Nokre av desse utvala var:

Eksterne lenker