Oldtidsfunn på Senum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bilete frå Fædrelandsvennen, 16. mai 1969

Oldtidsfunnet på Senum er eit interessant vikingtidsfunn. Alt i 1919 blei det funne eit sverd frå vikingtida på Senum heilt nord i Hornnes. I 1969 var nokre karar frå e-verket på same staden for å skifte ut master. Medan dei gravde i bakken, kom dei over ei øks, eit ljåbrot og fire pilespissar. Finnarane var tilfeldigvis historisk interesserte, og tok kontakt med historikar Olav Arne Kleveland for å få han til å sjå nærare på gjenstandane. Universitetets Oldsaksamling blei varsla om funnet, og sette i gang graving i området året etter. Det viste seg då at det var gravminne frå vikingtida folka frå e-verket var komen over, og to graver blei gravne ut. Arkeolog Trond Løken, som stod for utgravingane, meiner den første grava er frå andre halvdelen av 800-talet, og at den andre grava er noko yngre og må vere frå 900-talet. I Kultursoga for Evje og Hornnes strekar Olav Arne Kleveland (må det vere) under at det er all grunn til å tru at jorda på Senum enno gøymer mange fine og intressante kulturminne frå den fargerike tidsbolken i soga vår som blir kalla vikingtida.

Meldar for Fædrelandsvennen i Evje og Hornnes på denne tida var adjunkt Torbjørn Hansen. Fredag 16. mai 1969 hadde han det fine stykket nedanfor i avisa om funnet til karane frå e-verket.

Oldtidsfunn i lysmast-hol i Hornnes: Øks - pilespissar og ljå[rediger]

- Eit lag som arbeider for Aust-Agder Kraftverk vart brått arkeologar måndag. Dei heldt på å skifte ein lysstolpe på garden til Ingeborg Ose på Senum. Medan dei grov holet til stolpen, fekk Reidar Hodne auge på eit øksehovud som hadde ei svært gamaldags form. Øksehovudet var smalt oppe der skaftet hadde vore, men bladet var breitt. Øksehovudet såg difor ut til å ha vore ein del av ei stridsøks. Vidare kom det til syne eit ljæbrot, som heller ikkje kunne vere av ny dato.

Reidar Hodne leverte funnet til adjunkt Olav Kleveland, som arbeider med bygdesoga for Evje. Han var litt i villreie om verdien av funnet, og han fann ut at han ville fotografere gjenstandane og sende bileta til Universitetets Oldsaksamling for å høyre om dei var interesserte.

Men då laget skulle legge jorda på plass kring den nye stolpen tysdag, fann arbeidarane to piloddar som var rusta fast i kvarandre. Desse vart og levert til Olav Kleveland, som straks fann ut at dei er svært gamle.

Forma på pilespissane kan tyde på at dei skriv seg frå Vikingtida, og dette gjeld nok og øksehovudet, seier Olav Kleveland i ein samtale vi har hatt med han. Olav Kleveland har hovudfageksamen i historie, så han er ingen amatør på området.

Han fortel elles at Universitetets Oldsaksamling no er varsla, og fylkeskonservator Hamran har og fått melding om funna. Det er no lagt ned forbod mot vidare graving i området, og spesialistar vil kome til staden i nær framtid.

Kjelder[rediger]