Olav K. Rike

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav K. Rike
Født: 22. februar 1951
Død: 15. september 2015 (64 år)

Olav K. Rike (fødd 22. februar 1951, død 15. september 2015) budde på Dale i Valle, men døydde på Lovisenberg diakonale sykehus i Oslo. Han etterlet seg kona Sissel Rike, barna Knut Rike, Kari Anne Rike og Jardar Rike samt øvrig familie. Gravferda var frå Valle kyrkje torsdag 24. september 2015 klokka 13.

Olav var son til lærar Knut O. Rike, som var lærar i Oveinang og sidan i Valle. Han tok juridisk utdanning og vart jurist i Statens Vegvesen i Arendal, der han arbeidde med grunnkjøp og eigedomstaksering. Han var eldste son og overtok garden på Dale og fekk seg jobb som kontorsjef hos Otra Kraft. Etter år der fekk han så jobb som banksjef i Valle sparebank, der han var til helsa svikta i 2007.

Utanom jobben hadde han og mange interesser. Han var aktiv i Valle mållag og i Jol i Setesdal. Som leiar i mållaget var han med på å skipe talemålsgruppa som etablerte nettstaden vallemal.no. Han var og ein ivrig jeger og friluftsmann. Ei tid var han og redaktør for Vegleiaren.

Kjelder[rediger]