Nynorsk som merkevare

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingvild Hovden

Nynorsk som merkevare. Dette var ein ny måte å nytta nynorsk språkføring på. Ingvild Hovden var sals- og marknadssjef for både Hovden Høyfjellshotell og Hovdestøylen Hotel & LodgeSetesdølen hadde ein reportasje om dette i oktober 2010. Ho meinte at det å marknadsføre Setesdal på nynorsk ville vera med på å styrka dalførets eigenart. Her er det tale om vanleg nynorsk, som burde vera skjøneleg for alle som kan norsk.

Vanleg på Vestlandet[rediger]

Dette å nytta nynorsk i marknadsføringa av hotella var ingen ny tanke for Ingvild Hovden, men etter ein personaltur på Vestlandet fekk ho øvetydd leiargruppa for hotella om at dette hadde noko føre seg. Der borte var det ein gjennomgåande bruk av nynorsk til alt som var knytta opp mot ei hotelldrift.

Vi ynskjer å fokusera på kultur, identitet og historieforteljing. Eg trur vi vil framstå som meir ekte og truverdige om vi gjer dette på nynorsk, sa ho til leiinga. Etter ei tid seig dette inn, for til sist sa dagleg leiar Frank Ekman: OK, la oss gjere det!

Nynorsk som merkevare[rediger]

I tida som har gått etter at dette stod på trykk i Setesdølen, så har ein ved fleire høve sett at orda merkevare og nynorsk gjerne er knytta i hop i artiklar og debattinnlegg i avisa. Beint fram ein ny måte å tenkja på i ei tid då merkevare er så viktig i samfunnet.

Vert ein glupare av nynorsk?[rediger]

Slik sto det å lesa i osloavisa Aftenposten i 2013:

Flerspråklige personer er smartere, mer kreative, har bedre språklig bevisshet, blir bedre til å oppfatte det som blir sagt og presterer bedre på skolen i matte.

Dette har ein nok visst om ein t.d. kan engelsk i tillegg til sitt morsmål, noko dei fleste nordmenn kan. Men nå meiner norske forskarar ved NTNU at nordmenn som vert eksponert for både nynorsk og bokmål, får nokre av dei same positive effektane. Språkforskar Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø heldt i 2013 på med ei undersøkjing om regionale skilnader i skuleresultatar, og om kvifor elevar i Sogn og Fjordane gjer det betre enn i andre fylker. Der har 97,3 % av elevane nynorsk i grunnskulen.


Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]