Niklos B. Brokke
Niklos B. Brokke | ||
---|---|---|
Født: | 3. august 1950 | |
Død: | 5. april 2020 (69 år) |
Niklos Bjugson Brokke (fødd 3. august 1950, død 5. april 2020) budde i Brokke. Han etterlet seg familie og vener. Gravferda var i det stille på grunn av koronakrisa.
Niklos var eldste son til Bjug Niklosson Brokke og kona Anlaug A. Brokke.
Minneord
- Til gravferda laga Bjørgulv T. Berg dette minneordet
Niklos var fødd 3. august 1950. Foreldra var Bjug N. Brokke og Anlaug A. Brokke f. Berg. Han vart døypt i Hylestad kyrkje, i det som må ha vore den store barnedåpen då sju barn vart døypt i same dåpsvatnet.
Foreldra var bønder på garden Holti. Her vaks Niklos opp saman med den yngre bror sin Arne B. Berg. Garan er samlenamnet på dei tre grendene Brokke, Berg og Haugeland. Her var det godt å vekse opp. Første året fekk Niklos gå på grendeskulen i Garan før det vart sentralskule på Nomeland. Ungane gjekk inn og ut i dei fleste husa og hadde leikekameratane sine i rundt seg. Det var ein fri oppvekst der ungane stor sett heldt på med sitt. Mange turar til fjells saman andre jamaldringar vart det og. Foreldra hadde nok å gjere med gardsarbeid.
Niklos hadde gode evner, var ein lesehest heile livet og kunne ha utvikla seg til så mykje meir. Han var og ein dugande arbeidskar til praktiske yrke.
Sjømannslivet lokka nok. Han var på skuleskipet Sørlandet eit år før han reiste ut.. Fleire i nærmiljøet var sjøfolk og den livstilen tiltala nok Nikelos. Noko uforpliktande, med periodar ute og god løn som ein kunne nyte godt av når ein var heime. Det var liksom noko bohemaktig som nok trigga ein som Niklos. Ein av grannane fortel at dei hadde besøk av Niklos då han hadde kome heim første gong frå sjøen. Kledd i litt fancy klede etter dåtidas mote fekk han spørsmål om det ikkje var moro å kome heim: «Huff a meg, her er det bare jorder og gamle sauer» svarte Nikelos på flott bokmål. Han hadde eit talent for dramatikk og lika å fortelje f.eks. om Hank Williams som «døde i baksetet i sin Cadillac 27 år gamal» Songar som «Jesus remembered me» m.fl. var verkeleg ein del av oppvekst og ungdom.
Etter fleire år til sjøs, hadde han arbeid bl.a. som linjemontør i Statnett. Han var og på skogsarbeid saman med faren Bjug ein vinter. Niklos tok etter kvart over drifta av garden. Han vart tilsett i Tunell og anlegg som bygde Sirdalsvegen og dreiv garden i tillegg. Dette var nok den beste perioden i Niklos sitt liv. Han bygde nytt sauefjøs, dyrka mange dekar ny mark, både heime og på heia.
Niklos hadde sine problem å streve med. Han hadde mange opphald på Evangeliesenter og ynskte at livet skulle få nytt innhald. Det vart mange nederlag for Niklos, Den trua som kanskje spesielt mor hadde bore med seg, var nok på mange måtar Niklos si tru og. Anlaug følgde Nikelos gjennom mange av dei vonde periodane hans.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 29, 2020 side 2
- Minneord oversendt frå Bjørgulv T. Berg 24. april 2020