Minnesteinen over Pål Eiken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Minnesteinen over Pål Eiken er ein bauta reist ved Eiken kyrkje til minne om Pål Eiken (1903–1944), som var ein sentral Milorg-mann i Eiken under andre verdskrigen.
Då krigen braut ut var han ordførar i Eiken. Han blei arrestert av det tyske Gestapo natt til 21. mars 1944. Etter ti dagar med skjerpa forhøyr og særs grov tortur døydde han på Kristiansand sjukehus.
Bilethoggaren Ingemund Berulvson forma bautaen. Han blei avduka søndag 22. september 1946. Om lag 1500–2000 menneske skal ha vore samla.
Kjelder
- Toralf Tveiten og Asbørn Tveiten, Utan svik, utgjeve av Stiftelsen Arkivet i samarbeid med Fædrelandsvennen, 2004, side 182–190