Landlivskontakten Setesdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Landlivskontakten i Setesdal er ei prosjektstilling i høve prosjektet Setesdal gründer og samfunnsutvikling (SGoS). Stillinga er finansiert av Setesdal Regionråd.

Landlivskontakten har som mål å ta i mot førespurnader frå folk som kan vere interessert i å vite kva dei fire setesdalskommunane har å by på. Han skal også følgje tett opp nye innbyggjarar i kommunen og hjelpe til med å integrere desse så godt som mogeleg. Han vil gjennom prosjektperioden ha kontakt med verksemder i Setesdal og NAV for å halde oversikten over kva ledige stillingar det er ute på marknaden. Han vil også følgje med på hus, leilegheiter og småbruk som er til sals og til leige i Setesdal, for å ha ein oversikt over dette til hjelp i arbeidet.

Landlivskontakten har utvalde ressurspersonar i kvar kommune som han kan støtte seg på. Han vil då alltid ha nokon i sitt nærmiljø som enten har vore i same situasjon sjølv, eller som har eit stort ynskje om å integrere nye innbyggjarar i sitt nærmiljø.

Dreng Ose er (2018) tilsett som Landlivskontakten i Setesdal.

Kjelder[rediger]