Kyrkjevandring i Hornnes kyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kyrkjekjevandring i Hornnes kyrkje er ein artikkel som stod på trykk i Arnstein 2013, skrive av Nils Dåsvatn. Artikkelen er tufta på eit foredrag Nils heldt i Hornnes kyrkje søndag 15. september 2013.

Nils Dåsvatn fortel og Alf Georg Kjetså syner bilete under kyrkjevandringa i Hornnes kyrkje søndag 15. september 2015.

Det var Evje og Hornnes Sogelag som arrangerte kyrkjegardsvandring denne søndagen. Nils Dåsvatn (85), som er fødd og oppvaksen i Hornnes, heldt saman med Alf Georg Kjetså eit interessant foredrag om kyrkjebygget og nokre av dei som har jobba i kyrkja. Han fortalde óg så fint om nokre av dei kjende og mindre kjende honndølane som ligg gravlagd på kyrkjegarden. Nils har gjeve tillating til at foredraget kan brukast der det måtte høve.

Foredraget[rediger]

Innleiing[rediger]

Eg burde ikkje site her. Eg er gått ut på dato for lenge sidan. Eg har vore pensjonist i 20 år. Det er Bernt Gautestad som har fått meg til dette. Det er så vanskeleg å sei nei til Bernt. Og så må eg innrømme at emnet Hornnes kyrkje interesserer meg. Eg blei døypt og konfirmert her, og når ein har hatt sin barndom og ungdom i Hornnes, ja då kan ein aldri bli noko anna enn honndøl, sjølv om eg flytte frå bygda for 64 år sidan. Nå bur eg ikkje så langt borte, så ein viss kontakt har eg hatt med kyrkja her i dei seinare år. Men det meste eg kjem til å sei i dag, er etter minne. Så ta det med ei klype salt.

Kyrkjebygget. Litt historikk[rediger]

Det har stått kyrkje her i lang tid. Alt i 1327 sto det truleg ei stavkyrkje her. Kanskje på andre sida av vegen. Men før denne kyrkja blei bygd, sto det ei rødmalt kyrkje på den andre sida av vegen.

Denne kyrkja blei bygd i 1826–1828, og er altså 185 år gamal. På den tid var det ivelendingen Anders Syrtveit som bygde så mange kyrkjer i distriktet, i alt ni. Men vår kyrkje blei bygd av ein byggmeister som heitte Leg Askilsen Hallingskaar. Men han måtte vere ein dårlig byggmeister for tårnet var skjeivt, og når dei ringde med kyrkjeklokka, så rista tårnet så dei var redd det skulle falle ned, heiter det.

Men i tida etter er det gjort store forandringar og utbetringar: Anders Syrtveit bygde nytt tårn, det tårnet vi har i dag. I 1903 blei kyrkjegarden utvida nordover og nedover mot Otra så han stort sett fekk den form han har i dag.

I 1912 fekk kyrkja sitt første orgel; det var eit harmonium som blei plassert framme i kyrkja. Det nye orgelet som er plassert på galleriet nå kom i 1967. Før dette orgelet kom på plass, var det eit trøorgel på galleriet, og det var utruleg kor mykje fin musikk organisten, Birgit Birkeland fekk ut av det.

Til 100-årsjubileet i 1927 blei kyrkja malt innvendig. Elektrisk oppvarming av kyrkja kom i 1957. Då blei vedovnane fjerna. Utvendig lys blei det i 1968. Nytt utvendig tak kom i 1970.

Minnesmerket over falne under krigen 1940 – 1945 som hadde stått ved stasjonen, blei flytta til kyrkja i 1972. I 1976 blei kyrkja betre isolert; ho var så kald vinterstid. Vindaugene blei og utbetra då. Malinga på veggene blei fjerna vinteren 1977/1978. Den gamle malinga var så sprukken at den ikkje kunne males over. Men då folk fekk sjå kor fint det var med umalte vegger, så blei det slik. Mykje er gjort og resultatet er blitt ei kyrkje og ein kyrkjegard bygda kan vere stolt av.

Litt om ting inne i kyrkja[rediger]

Ein kan nemne døypefonten av kleberstein. Døypefatet, altarkalken, lysestakane på altaret og låsen i kyrkjedøra er gamle ting. Interiøret er som de ser nokså enkelt.

Men legg merke til Kristusfiguren i tre som honndølen Salve Birkås har laga. Og teppet i altarringen som er vevd av Else Marie Jakobsen. Salve var ein trugen kyrkjegjengar og treskulpturane hans med religiøst motiv, er eineståande. Else Marie er verdenskjent for vevkunsten sin. Legg merke til teppet i altarringen. Det er ein tydeleg feil i det. Else Marie vil minne oss om at når vi går til altars, så er vi ikkje feilfrie.

Litt om dei personene som arbeidde i kyrkja i min barndom/ungdom[rediger]

Halvard Kvamsdal var prest frå 1921 til 1945. Han døypte meg i 1929 og konfirmerte meg i 1944. Det var siste konfirmantkullet hans i Hornnes kyrkje. Kvamsdal tok ikkje lett på det; alt han gjorde var grundig. Han hadde god tid og kom ofte på viddene. Han var begeistra for universet og stjernehimmelen, og han kom ofte inn på det emnet, og då var han ikkje lett å stoppe. Eg hugser me i konfirmantundervisninga kunne bli plassert i eit tog som gjekk i ein fart av eit olja lyn, og då ville me kome fram til ein fjern planet når vi var 70 år. Me lærde at universet er stort.

Men Kvamsdal var snill og omsorgsfull. Kom det svaler inn i kyrkja, då måtte vi få dei ut igjen. Det var ikkje lett, for det var høgt under taket. Det kan ta 14 dagar før det kjem folk i kyrkja igjen, meinte han. Eg minnes kanskje feil, men eg lurer på om ikkje klokka var over halv tre før konfirmantgudstenesten var slutt.

Sigurd Faret var klokkar. Han hadde tatt over etter Salve Tønnesland. Han var ein traust og solid mann. Eg hadde han i fire – fem år som lærar, og han var flink og grei. Han var god til å lære frå seg, og han greidde å ta seg av viltre gutungar slik at me blei glad i å gå på skule. Eg hadde nok ikkje så lite av Sigurd i meg då eg seinare dreiv som lærar. Sigurd lærde oss praktisk kristendom. Det var i dagleglivet me skulle praktisere kristendomen. Sigurd var og ein praktisk mann. I Faret hadde dei mange grisar, og det hendte når han kom på skulen at han bar preg av at ei sugge hadde fått ungar om natta. Då måtte me trø stille.

Den tredje eg vil nemne som arbeidde i kyrkja, var Alf Halland. Han var kyrkjetenar og gravar. Han var ikkje av dei største, men han var ein gild mann. Eg var ofte med han i kyrkja når han skulle ringe inn jule- og nyttårshelga. Den første tida måtte han stå og dra i eit tau, og då var det godt å ha selskap. Alf var ein klok mann. Han hadde tatt artium med gode karakterar, og hans store skuffelse var at han ikkje fekk råd til å gå vidare på skule. Alf var glad i kyrkja og han trivdes med arbeidet. Han fortalde at han i blant dersom han var litt sein, og skulle i kyrkja dagen etter, overnatta i sakrestiet. Han var ikkje mørkredd, og det var langt til Bjerkåsen.

Alf hadde godt humør og var full av gode historiar. Han kom godt ut av det med prestane, og det var til vanleg eit tillitsfullt forhold. Alf og hjelpepresten Midtgård som var prest rett etter krigen, var gode bussar. Alf kalla Midtgård ærverdige fader. Presten svarte: «Viss ikkje du slutter med å kalle meg ærverdige fader, kjem eg til å kalle deg min vanartede sønn.» Etter at Alf hadde gått av på pensjon, heldt han kontakt med kyrkja. Eit par gonger hugsar eg han var med presten Amlie når denne hadde gudsteneste i Iveland.

Mitt forhold til Hornnes kyrkje[rediger]

Eg børja tidleg å gå i kyrkja. Far gjekk ofte til kyrkja søndags føremiddag, og då spurde han tidt om det var nokon som ville vere med. Det var ingen tvang, men eg likte å vere med. I fleire år var eg rett som det var i kyrkja vår. Etter kvart fann eg meg ein plass på galleriet. Eg sat på kanten så eg hadde god oversikt over folk som sat i salen. I blant var eg saman med Gudmund i Haugen.

Eg var litt stolt av at det var far som hadde malt kyrkja innvendig. Han var visst med på å male den utvendig og; men då hanen på kyrkjespiret skulle males, då melde han pass. Men Knut Bjørgulfsen ordna det. Han laga seg ein stige av tau. Så heiste han seg opp, malte hanen og firte seg ned igjen. Ingen kunne måle seg med Knut.

Når det var misjonsstevner i kyrkja, var det alltid mykje folk. Då var det spennande om Gunhild eller Knut frå «der Veste» på Kjetså var der. Då blei det i blant litt «bråk», og det var litt spennande tykte me gutungane. Det hendte at ein av dei tok ordet og forkynte den rette lære. Det var slett ikkje vondt meint. Men dei meinte det var noko galt med kyrkja og misjonsforeningane. Lønde prestar og predikantar meinte dei var farisearar. Forsamlinga stemde då i blant i med salmesang for å få dei til å slutte. Eg tykkjer å minnes at Knut då sette seg, men eg trur Gunhild sto til sangen stilna, så ho kunne fullføre ærendet sitt. Men for all del; folka «der Veste» var gode mennesker. Alt dei eigde gav dei til bedehus og misjon. Deira mål i livet var at kristendomen skulle ha framgang og prege samfunnet.

Kyrkjegardsvandring[rediger]

Eg har i mange år hatt min gang på kyrkjegarden i Hornnes. Kona mi og eg har i fleire år stelt grava til mine foreldre. Då tok eg meg ofte ein tur rundt på kyrkjegarden og såg på gravplassane. Der låg dei fleste av dei eldre personane frå min barndom. Det er så rart korleis minnene då kjem fram. Der ligg dei som styrde i bygda før. Der ligg foreldrane og slektningane våre. Nå er dei alle like; dei er i Herrens hender. Men enkelte merkte seg ut, og då kan vi stanse litt med dei.

Eg har skrive litt om folk i bygda, og derfor er eg interessert i å sjå gravplassen for å finne data og liknande. Eg har skrive litt om «der Veste» på Kjetså. Då ville eg gjerne sjå igjen steinen og gravmælet som Knut hadde laga over foreldrene sine. Då blei eg mektig skuffa. Gravsteinen av Gro som døydde i 1931 og gravstøtta over Bjørgulv var fjerna. Eg leitte rundt og fann til slutt ein liten grå gravstein med namna til dei alle fire. Steinen fortalde ikkje noko anna enn kva tid dei var født og kva tid dei døydde. Har ikkje honndølane sans for kultur? Er det ein måte å takke ein familie som sette sånn farge på ei heller litt grå Hornnes-bygd? Det var ikkje ein gong ein liten blome framfor grava, enda det ikkje er så mange åra sida dei levde saman med oss. Tenk litt på kven dei var. Knut var utan tvil eit sjølvlært teknisk geni. Alt han hadde bruk for, laga han sjølv. Han bygde E-verk, bygde om bil til traktor, motorbåt, vannsykkel, spark til bruk både vinter og sommar, sykkel med ei trøe osv. Hadde gravstøttene fått stå, så hadde han hatt eit verdig monument. Nå har han ingenting. Familien var hjelpsam. Folk som hadde det skralt, hjelpte dei. Dei var gjestfrie mot alle som kom til garden. Riktig nok tenkte dei ikkje alltid riktig som oss andre, men det er godt at ikkje alle tenker likt. Alt på garden er nå øydelagt. Husa er riven; det einaste som sto igjen då eg var der sist, var litt av murane til uthuset. Hornnes-samfunnet er blitt fattigare.

Dette er altså mitt syn. Andre ser kanskje annleis på det.

Ein annan person eg sette stor pris på var Arne Tveit. Ånne som me sa. Han var stavmålar og lærde meg å arbeide. Bitten, fetteren min og eg arbeidde fleire år for Ånne i stavbua ved stasjonen. Me var ikkje så enkle, men Ånne fekk skikk på oss. Han var tålmodig og hadde godt humør. Når me la ned arbeidet og ville av og fiske eller bade, da kom han straks heim til oss og overtalde oss til å starte opp igjen. Han var ein meister til å oppmuntre oss og gi oss små fordeler. Etter kvart blei me habile stavplattarar. I første klasse på gymnaset kom Ånne ein dag heim til meg og spurde om eg kunne tenke meg til å vere stavmålar i sommarferien. Eg møtte opp til ein prøve og skulle sortere 200 stav. Eg hadde ingen feil. Då lo Ånne, og Olav Åsen gav meg målebrev.

Eg kan nemne mange folk ein blir minna om på ei slik kyrkjegardsvandring. Dei ligg der og minner ein om den tida dei var i full aktivitet. Eg har nemnt nokre, men for meg som er gamal, så er det som å lese i ei historiebok å gå rundt å sjå. Kvar enkelt sette spor etter seg. Eg nemner i fleng: John P. Kjetså, det var alltid godt å treffe han. Jordmor Elen Kjetså som var den første som møtte alle honndølar, ho tok imot oss. Salve Tønnesland, min beste ven i tidlig barndom. Lars Ljosland som kom ruslande på filttøflene sine når han skulle på samvirkelaget og kjøpe skråtobakk som han kalte «svisko», ein humørspreiar. Han spelde fele og var frisør. «Skal du vere fin eller ska du vere på moten?», sa han før han klipte håret. Torgrim Moseid som heldt styr på alt på stasjonen, til og med viltre gutungar. Torgeir og Gunvald O. Abusdal som laga ei god gammeldags krambu i Dåsnes. Mari og Siri på Konken var og svært spesielle, for ikkje å gløyme Anna og Jens Birkeland på Misjonshotellet. Augusta og Gunnar Austegard på kafeen i Dåsnes. Han spelde hardingfele og kalla trekkspelet for ein jammerkommode. Torgeir Fennefoss var og ein original som skreiv mykje i avisene og handla med dei utrulegaste ting. Jau, det var originalar i fleng i gamle Hornnes. Tenk på alle dei oppe i Dåsvannsdalen: Oso post, Oso Matson, Gunnar Soltønna og Anders Bakar osv.

Nå ligg dei fleste av dei her tause på kyrkjegarden, men minnene lever. Det er langt mellom originalene nå for tida. Sentralskular, TV og moderne kommunikasjon hindrer at originalitet kan utvikle seg. Alle opplever stort sett dei same ting. Folkelivet er ikkje lenger så fargerikt rundt på bygdene.