Haugeteddan på Sordal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Haugeteddan i 1973
Furuane sett frå elva i 1977
Foto: Reidar Tveito
Litt meir attgrodd i 2013
Foto: Reidar Tveito
Ei fure på rundt 7 kubikk
Foto: Reidar Tveito
To mann må til for å femne rundt denne
Foto: Reidar Tveito

På nordre Sordal ligg Haugeteddan. Dette er ei rekke med fleire store furutre som vart freda i 1937. Dei veks på ei samling av 24 gravhaugar. På gamalt mål vart furu omtala som toll, og lokal uttale vart todd. Fleirtal av todd vert teddar, derav namnet Haugeteddan.

Ei stor samling av gravhaugar[rediger]

Universitetets Oldsaksamling utførde registreringar i 1984, og fann ut at heile gravfeltet var 175 meter langt og 70 meter breitt. I alt ligg det 20 rundhaugar og 4 langhaugar i feltet, der den største rundhaugen har ei vidde på 17,5 meter og er ein meter høg. Største langhaugen er på 15x11 meter og noko høgare.

Gamle kjempetre[rediger]

På gamle bilete kunne ein sjå at det sto 11 kjempesvære furetre på rekke. Nokre av desse er heilt borte i dag, andre er det berre restar av, men to av trea er ennå levande. Det er dei som står nærast låven på garden, og det største av dei reknar ein med at inneheld 7 kubikkmeter.

Heradskogmeistar Egil Berntsen og Åmund G. Sordal freista å finna alderen på dette treet, ein gong på 1960-talet. Men boret dei bruka rokk ikkje til, så dei kom berre til margen. Så langt talde dei årringar til 350 år, og la til 100 år, slik at treet er rundt 500 år nå i 2013.

Heilage tre[rediger]

Dette var vettetre, som ein ofra til for å blidgjera gudane. På same måten som med Boneifura i Valle, så måtte ein aldri take med seg turrkvistar til brenne frå trea. Rundt joletider skvetta ein gjerne mjød og anna godt for å blidgjera dei underjordiske. Om dagens tre er heilt frå heidensk tid, eller om dei har avløyst ennå eldre tre på staden, det veit ein ikkje.

Ei freding av trea vart tinglyst i 1937, og ma. heitte det:

Dei store Soredals furone er freda. Eigaren er forplikta til å undgå alt som kan lede til dens beskadigelse eller lignende. Trea er nokre gamle store furetre på nordkanten av våningshusi. Ein reknar med at trei er ikring 300 år gamle. Og hev vore sedde på som heilage.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelde[rediger]