Hallvard M. Holen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hallvard M. Holen
Hallvard M. Holen og Gyro.jpg
Hallvard M. Holen med
kona Gyro og dottera Inga.
Bilete frå Ingebjørg Vegestog Homme
Født: 6. mai 1880
Død: 1968 (alder 87–88)

Hallvard M. Holen (1880-1968) vaks opp i Holen der uppe som son til Mikkel Olavsson Nesland. 13. juni 1900 reiste han til USA. I Heimar og folk i Bykle heiter det: «I 1906 skaffa han seg eit homestead i Marshall County i det nordvestlege Minnesota, ikkje langt unna der byen Grygla sidan skulle liggje. Denne verestaden selde han etter nokre år, han ville flytje lenger sør i staten. I 1911 skaffa han seg nytt homestead i Reiner Township, Pennington County.»

I 1919 reiste han tilbake til Norge. Der fann han seg kona Gyro f. Hallvardsdotter Homme i Systog Hommelunden. Dei gifta seg 19. desember 1919 i Valle kyrkje. 15. mai 1920 reiste dei med Bergensfjord tilbake til USA. Der vart dei buande resten av livet. Dei fekk seks born, fem av dei vaks opp etter at den første var ein dødfødd gut (1921). Desse var: Harold Severin Holen (1922-), Inga Sundsdahl (1923-), Mayer Lawrence Holen (1925-), Selmer Ernest Holen (1927-2015) og Andrew Glenn Holen (1931-).

Kjelder[rediger]