Gardane vassverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Gardane vassverk vart stifta i 1976 for å skaffe vatn til oppsitjarane i Gardan (Brokke, Berg og Haugeland). Vatnet vart henta frå Faråtunellen og vart lagt ut med drikkevatn og vatningsvatn parallellt. Dette skjedde etter avtale med IS Øvre Otra og førte til at avlinga vart dobla for mange av gardsbruka, særleg i turkesomrar. Etter kvart som trafikken auka, vart faren for forureining større, då inntaket var nær bilveg. Difor vart det grave ned ei vassledning på tre kilometer frå Aksletjønn, som ligg på nordsida av Løefjødd, langt utanfor utanfor allfarveg. Gravearbeidet vart gjort av Eivind S. Aakhus frå Bygland, røyrlegginga stod oppsitjarane for. Det vart lagt opp uttak for brannsløkking til alle hus som var medlem av vassverket, noko som har kome vel med ved brann i området. Frå 2010 er opplegget endra slik at vatnet frå Aksletjønn er kopla ut og Gardane vassverk får no vatn frå hyttefeltet i Brokke. Det er grunnvatn frå brunnboring som no vert nytta.

Styreleiar for Gardane vassverk var Olav T. Brokke i tida frå 1976 til 1981, då broren Knut T. Brokke overtok. Hallvard Tveit Berg har vore kasserar heilt sidan starten. Vassverket samarbeider no med det kommunale vassverket slik at utgiftene vert delte med 40 prosent på kommunen og 60 prosent på vassverket.

Kjelde[rediger]