Frigjeringsdagen i Valle

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Frigjeringsdagen i Valle er ein artikkel henta frå Valle kommune VII, Kultursoge 1. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen skriv:


Måndag 7. mai 1945[rediger]

Torjus Åkre fortel

Det leid mot kveld 7. mai 1945 då meldingi kom at tyskarane utan vilkår hadde gjeve seg over. Denne tidendi fôr som eld i turt gras over Valle. Om det ikkje var uventa, så var det på ein måte utruleg at det var sant. Difor reiste fleire til Valle Handel der dei kunne stadfeste dette.

I Nordibø kom grannane saman og hjelpte kvarandre med å få i stand flaggstengene som aldri hadde vore bruka på 5 år. Med dei heldt på med dette, fôr ein drosje framom med grønkledde i. Før kunne ein få hjartebank berre ein såg skimten av dei, no fekk dei berre eit skeivt augnekast.

Straks etter kom syklande ein heil hop med ungdomar og born frå Oveinang som ropa og vinka og var glade. Frå Strondi kom eit verkeleg tog med unge og eldre, men hadde ikkje anna for hand enn ein sekk til flagg.

Denne milde og ugløymelege vårkvelden var nok fleire ute og gjekk, og utan oppslag og bodsending samlast folk ved det gamle heradshuset, der det var song og stutte talar med von om at alle kunne take imot freden med ro og glede.

Tysdag 8. mai 1945[rediger]

Samling ved Harstadberg 8. mai 1945.

Dagen etter fekk mange tak i radioapparati sine som av makthavarane utan å spørje, var lånte bort til dei som fekk lov til å bruke dei, når dei berre høyrde på dei som hadde det "rett for seg". Etter middag samla det seg ein stor folkehop ved Frikyrkja. Gleda var til å sjå og «kjenne» på! Her vart m.a. Grinisangen av Odd Nansen opplesen, deri dei fyrste linene lydde så:

Norges stolte sønner,
fiskere, arbeidere og bønder,
leger, professorer,
redere, lektorer, høy og lav
fra rikmannshus og gamle rønner

Så gjekk alle i tog sør igjennom til Harstadberg.

Vegleiaren[rediger]

Toget går tilbake til Valle.
Foto: Olav A. Stavenes

Også i kyrkjelydsbladet Vegleiaren kan me lese om 8. mai. Som nemnt byrja det kvelden føre, med eitt og anna flagg, og med folk ute.

Sokneprest Aasulv Austad skriv

Kl. 8 den åttande mai fekk eg telefon frå ein av heimefrontfolki som fortalde at no var det heilt sikkert fred. For ein bodskap! Tenk fred etter vel fem års krig. ( )

Og so kom han, dagen den 8. mai. Fred i Europa! Fred i Noreg! Fred! Fred. So ufateleg stort. Alle flagg kom opp. Seinare ut på dagen bylgja eit folketog so stort som aldri fyrr hadde vore sett i Valle. Fedrelandssongar ljoma utover Vallebygda, som no var klædd i sin fagre vårbunad. Me forstod salmistens ord: «Dei fegnast alle tre i skogen».

Toget stogga i Nordibø. Der heldt lærarane Augund Rike, Torjus Åkre og Knut Kyrvestad, forstandar Lars Sandvand og soknepresten kvar sin tale. Om kvelden var det gudsteneste”.

I Hylestad[rediger]

I Hylestad var det på same måten, men der gjorde dei unna hovudfeiringi alt om kvelden den 7. mai. Kring 300 menneske samlast ved skulehuset på Rysstad for å feire. Det vart skipa til tog sør til kyrkja, og med flaggi bylgjande i vinden bar det opp i Heimigard. Der hadde ein fått bod som måtte tydast slik at Bjørgulv ikkje ville kome heim, men framleis var det von om at dei andre 4 sønene, Jon og Sigurd i Tyskland, Tarjei i Italia og Grunde i Sverige skulle ha greitt seg.

Gamle kaptein Olav O. Nomeland sr. heldt tale der. Så gjekk ferdi nordover til "Posten" og heimen til Olav O. Nomeland jr. der Aani Rysstad tala. Ein ny tale vart halden i tunet heime hjå Osmund Faremo heilt nørdst på Rysstad, der foreldri same kvelden hadde fått brev om at han var komen til Sverige.

Nokre som var sakna om kvelden den 7. mai var Signe og Bjug Helle. Ingen skjøna kvifor dei ikkje kom. Grunnen synte seg fort. Dagen etter, sjølvaste fredsdagen, vart sonen Hallvard fødd.

Londonregjeringi hadde vedteke at 8. og 9. mai skulle vere offentlege høgtidsdagar. Ein del folk samlast au den 8., men ikkje frå heile sokni som dagen før. Derimot feira dei kringom i grendene. Den 9. mai vart det halde messe i kyrkja, med mykje folk. Gud signe Noregs land vart sunge, og Aani Rysstad takka på vegner av folkehopen soknepresten «for hans rake haldning under krigen».

Elles var alt «mot normalt». Ein strålande blid austerriksk soldat frå vaktstyrken på Helle kom gåande oppover Rysstadmone om morgonen den 8. mai, og helsa så venleg til dei han møtte. Gleda var nok like stor i den leiren.

I Brokke samlast småborni til eige folketog. Dei fann seg hesjestaurar og rada med små flagg som dei fann i joletrepynten. Så vart det tog rundt heile garden medan dei song ei tekst dei hadde laga sjølve. «Hitler hev' dauda, og krigen er slutt», lydde det om att og om att.

Grini[rediger]

Grinisongen vart nemnd her ovafor. Au dei som sat der opplevde det meste den 7. mai. Maten hadde vore betre ei tid, og det vart av dei fleste teke som eit teikn på at freden no nærma seg. Klokka halv to vart alle dei innsette kommandera ut på Kommandoplassen der dei stod oppstilte plent ein klokketime. Då svinga ein bil inn på plassen, og ei svensk røyst som tilhøyrde dr. Södermann gjorde kjent at Tyskland no hadde kapitulera og at alle var frie.

Kjelde[rediger]