Evjesongen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Evjesongen vart skriven av Bertha Haraldstad.

Fennefossen syng.

Der Otra-elva susar og Fennefossen syng -
og kåte bekkar susar imellom gras og lyng
ligg heimbygda vår,
der lever Evje-folket i jamne, gode kår.

Her grensa gjeng mot Mykland og Vegusdal i aust,
mot nord, der hev me Bygland og Setesdalen traust
med sine høge fjell
og sine vakre nutar, der kvite fossar fell.

Mot vest, der byter Hornnes med Otra fin og klar,
mot sud, der er det Iveland som blidt imot oss tar -
og vakre Hægeland,
der gamle Dølen landa før banen kom i stand.

Me hev 'kje store gardar, men fjella dei gjev sitt,
bå' feltspat og 'bå' nikkel og tenk på thortveititt,
som er så verdifull
at det kan aldri målast med reine, skire gull.

Så hev me Evjemoen med mang ein spretten kar
som de kan vera stolte av, de som er mor og far.
Her Evje-jenter finn
seg både titt og ofte den staute mannen sin.

Og me hev vide skogar der elg hev stigen sin,
og rappe rådyr hoppar og harepus så fin -
og opp i berg og ur
der finn ein røysekatten og mikkelrev så lur.

Ved Himmelsyna hev me så flott eit skiterreng.
Dit opp der søkjer mange når fred og ro dei treng.
Når ein på vidda er,
ein fær ei lita kjensle av at himlen ein er nær.

Ja, det er like vakkert bå' vinter, haust og vår
og der er fine bakkar, der me på skian' står.
Ja, tenk på Gautestad
og vakre Høvringsvatnet ein kveld ved soleglad.

Ja, bygda vår er gild, den, og me er glad' fordi
me fekk ho av vår Herre til bu å leve i.
Her hev vår plass me fått
takk Gud, for gode heimen, takk for me hev det godt.

Kjelder[rediger]