Eventyr frå Setesdal er ei litterær gullgruve

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Framsida

Eventyr frå Setesdal er ei litterær gullgruve er bokmeldinga Bjarne Tveiten skreiv om Eventyr frå Setesdal. Den stod i Setesdølen nr. 87, 2017 side 8.

Eventyrdelen av Gamalt or Setesdal på normalnynorsk

Det var Bygland Mållag som tok initiativ til å få ut denne boka. Kolofon Forlag har hatt det praktiske arbeidet med boka, men utgjevaren er mållaget på Bygland – og det har blitt ei praktbok det er både gildt og lærerikt å lese. Honnør til Bygland Mållag!

Undertittelen er «På gamalt og nytt vis», og det høver godt. På venstre side står originalteksten til Johannes Skar frå omtrent 100 år sidan, til høgre den moderne teksten, forma av seks «omforteljarar» som det heiter i boka: Anne Bakke, Knut K. Homme, Sigrid Bakke, Sigrid Åsen Haugsgjerd, Sissel Åkre og Tonje Kallhovd. Boka er gjennomillustrert med fotografiar, teikningar og små målarstykke.

Under overskrifta «Den som laga illustrasjonane» står desse namna: Anne Bakke, Anne Elisabeth Nitteberg, Gerterude Streit, Grethe Swahn, Ingveig Synnøve Strømstad, Marit Simonstad Kvaale, Mona Ida Håvorstad Frøysnes, Olaug Åsen og Olav Bjørgum. Alle desse, og sikkert mange, andre har på ulike måtar gjort denne svært velkomne boka muleg.

Dersom eg ikkje har talt feil, er det til saman 56 eventyrtekster det er tale om, nokre stutte, andre ganske lange. Tekstene er først skrivne av Johannes Skar, slik han fekk dei fortalt av 25 informatar/forteljarar – kvinner og menn. Alle blir, som illustratørane, presenterte med nokre setningar.

At eventyra, som resten av tekstene i «Gamalt or Setesdal» språkleg har vore vanskeleg tilgjengeleg for dei fleste, trur eg kanskje har ført til at altfor mange, i alle fall utanfor Setesdal, ikkje heilt har skjøna kva for ei kulturell gullgruve storverket til Johannes Skar er. Før eg går vidare har eg difor bestemt meg for å sitere noko lite av kva kulturelle og litterære «tungvektarar» skreiv om «Gamalt or Setesdal» då dei sju binda kom for vel 100 år sidan.

Knut Liestøl skreiv mellom anna: «Med Skars bok (Sogur) hev eventyrlitteraturen vaar fenge ein verdfull tilvokster. Ein av vaare mest poesifylte dalar hev her kome med. Han kom seint, men godt.» Professor Fredrick Paasche er ikkje mindre imponert: «Skars verk er den rikeste og merkeligste folkeminnesamling som har set lyset siden Landstad for 60 år siden utgav de norske folkeviser.»

Det er, etter mi meining, munnleg forteljekunst på toppnivå dei seks omforteljarane – kanskje er attdiktarane er eit like godt ord? – har gjeve seg i kast med. Stort sett synst eg dei alle har gått til verket med djup respekt for oppgåva. Dei løyser sjølvsagt ikkje det språklege på akkurat same måten. Kanskje vil enkelte seie at det er eit minus.

Eg synst ikkje det, kanskje snarare tvertom. Dei som fortalde til Johannes Skar hadde også sine spesielle forteljarteknikkar. Eller, sagt på ein annan måte, både dei opprinnlege forteljarane og dei som har skriva tekstene om til normal nynorsk, er personlegdomar som set sitt preg på tekstene. Eg tok for meg to-tre av dei kortaste tekstene og skreiv dei om på min måte. Når eg så samanlikna med ho/han som hadde omformulert teksten, opplevde eg at ein del setningar blei nesten heilt like, mens andre bli ganske ulike.

Her må eg utdjupe noko lite. Fleire av tekstene er ulike variantar av same eventyret, fortalde av ulike forteljarar. I «Sogur 1» har Hallvard Steinsson forteljinga «Astrid Kjempe» - som er skriven om av Sigrid Åsen Haugsgjerd. I «Sogur 2) finn vi eventyret «Knøs», fortalt av Torkjell Bjørnsson Skåmedal, og skriven om av Sigrid Bakke. I botnen er det tale om det same eventyret, sjølv om utforminga og delar av teksten er nokså ulike. Dei fleste av omforteljarane imponerer meg sterkt, og eg meiner alle kjem frå den vanskelege oppgåva på ein god måte.

No har eg vore pensjonist i vel 10 år, men likevel; som pensjonert lærar har eg ei melding til lærarkollegaer – først og fremst norsklærarar i ungdomsskulen og vidaregåande skule – «Eventyr frå Setesdal» er ei litterær gullgruve. Dei fleste av eventyra i boka har dei sentrale eventyrtrekka: krev ikkje å bli trudd, magiske tal (3, 7, 9 osv., ikkje tid- eller stadfest, få personar, berre gode – berre vonde, ein helt/ei heltinne, oppattakingar, gode hjelparar – nei, eg skal stoppe der. Meldinga går ikkje berre til lærarar i Setesdal, boka passar like godt som eventyra til Asbjørnsen og Moe, frå Lindesnes til Nordkapp.

Til slutt, Magnhild Rygg har skrive ein kort presentasjon av Johannes Skar (ei side), som det smakar fugl av. Omtalen sluttar slik: «Johannes Skar døydde med pennen i handa 3. februar 1914.»