Etiske retningsliner for bruk av sosiale medier i Valle kommune

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Etiske retningsliner for bruk av sosiale medier i Valle kommune vart vedtekne i Valle kommunestyre 30. april 2014.


1. Kva er sosiale medier
  • Sosiale medier er fellesnemninga på nettstader der brukarane sjølv skaper innhaldet. Eksempel på dette er til dømes Facebook, LinkedIn, Twitter, Youtube, bloggar og diskusjonssider.
2. Bruk av kommunal Facebookside
  • Som tilsett i Valle kommune er det positivt at du er «til stades» på nettet, deltek i debattar og meiningsutvekslingar etc, men hugs at du alltid representerer arbeidsgjevar. Ha alltid «kommunebrillene» på.
  • Ikkje kommenter eller publisér informasjon som du har tileigna deg som tilsett i Valle kommune, og som er underlagt teieplikt, unnateke offentlegheit eller er ein del av pågåande sakshandsaming.
  • Ikkje publisér andre sitt materiale utan godkjenning.
  • Sosiale medier er møte mellom menneske. Legg gjerne til rette for dialog, men saksbehandling skal skje i andre kanalar.
  • Publisér svar på spørsmål og kommentarar snarast råd
  • Publiséring av bilde og anna frå kollegaer krev samtykke.
  • Ver høfleg og respektfull.
  • Diskuter sak, ikkje person.
  • Ver merksam på konfliktar og verbale kampar.
  • Sjekk fakta dersom du er usikker. Rett alltid opp faktafeil.
  • Ved innspel som krev saksbehandling skal avsendar oppmodast til å formelt rette dette til kommunen. Saka vil då bli behandla i tråd med gjeldande saksbehandlingsreglar.
  • Alle ytringar på den offisielle kontoen skal vere partipolitisk og religiøst nøytrale og (sjølvsagt) ikkje virke diskriminerande på nokon som helst måte.
  • Informer om arrangement, nyheiter og anna som er av verdi for brukarane.
  • Ingenting er privat på nettet, hugs det når du publiserer. Internett har ikkje angreknapp, ver varsam.
3. Tilsette sin bruk av sosiale medier privat
  • Ver bevisst din rolle som tilsett i Valle kommune ved all bruk av sosiale medier.
  • Ver open om at du er tilsett i Valle kommune i samanhengar der dette er naturleg.
  • Bruk eige namn og opplys at du er tilsett i Valle kommune. Ikkje skriv anonymt. Presiser at du ytrar deg som privatperson og ikkje på vegne av Valle kommune dersom det kan skape tvil om kva rolle du har.
  • Presiser at du ytrar deg som privatperson og ikkje på vegne av Valle kommune dersom det kan skape tvil om kva rolle du har.
  • Presiser at du ytrar deg som privatperson og ikkje på vegne av Valle kommune dersom det kan skape tvil om kva rolle du har.
  • Ikkje bruk Valle kommunes logo når du opptrer som privatperson.
  • Hugs at reglane om teieplikt, personvern, ytringsfridom, lojalitetsplikt mv som du må halde deg til i din jobb i Valle kommune også gjeld når du opptrer som privatperson i sosiale medier.
  • Ver særleg bevisst som tilsett i kommunikasjon med særskilte grupper, slik som elevar, funksjonshemma, klientar eller pasientar.
  • Leiarar har eit særskilt ansvar i høve sine medarbeidarar, lærlingar som arbeider med barn og unge etc, jf. som leiar er du også rollemodell.
  • Ingenting er privat på nettet, hugs det når du publiserer. Internett har ikkje angreknapp, ver varsam.
  • Når du er på nettet som privatperson, hugs også retningslinene som gjeld for deg som tilsett.
4. Ved deltaking på sosiale medier – hugs
  • Forvaltningslova
  • Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette
  • Arkivlova
  • Teieplikta
  • Offentleglova
  • Personopplysningslova
  • Folkeskikk og respekt for andre
5. Brot på dei etiske retningslinene
  • Kommunens etiske retningsliner gjeld like mykje på nett som utanfor nett.
  • Brot på dei etiske retningslinene kan få konsekvensar for arbeidsforholdet. Alvorlege brot på reglane kan medføre åtvaring, oppseiing eller avskjed, uavhengig av kva for stilling/funksjon vedkomande har i Valle kommune.
  • Tilsvarande gjeld for brot på teieplikta.

Kjelde[rediger]

  • Referat frå møte i Valle kommunestyre 30. april 2014