Eivind K. Helle

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eivind K. Helle
Født: 6. mai 1919
Død: 11. desember 2010 (91 år)

Eivind K. Helle (fødd 6. mai 1919, død 11. desember 2010 på Valle Bygdeheim) budde på Rysstad og vart gravlagd frå Hylestad kyrkje fredag 17. desember 2010. Han etterlet seg kona Anne F. Helle, fødd Frøysnes, og sønene Kjell Egil Helle og Gunnar E. Helle og barnebarna Egil Helle og Sonja Helle. I gravferda var det høve til å gje ei gåve til Kreftforeninga og etterpå vart det halde minnestund på Helle grendehus.

Drosjesjåfør og sylvsmed[rediger]

Eivind var son til sylvsmeden Knut Sigurdson Helle. Han fekk tidleg interesse for bilar og motorar, og under krigen tok han til å køyre drosje for Neri Bygland. Sidan fekk han eige drosjeløyve og køyrde drosje i Valle eit par år før han flytta heim til Helle, der han og kona dreiv daglegvareforretning med bensinpumpe og ungdomsherberge. Han tok og til med sylvarbeid i ledige stunder.

I 1967 etablerte han seg lengst sør på Rysstadmo med nybygd bensinstasjon og tankbil for å køyre ut parafin og diesel. Sonen Gunnar E. Helle overtok bensinstasjonen rundt 1980 og bytta då hus med far sin, som framleis hadde drosjekøyringa, den slutta han ikkje med før i 1989, då han fylte 70 år og overlet også den til Gunnar. Sonen Kjell Egil Helle overtok sylvsmedverkstaden. Som pensjonist dreiv Eivind K. Helle som knivmakar og var ofte på marknadar og messer for å selje knivar og klokker.

Kjelder[rediger]