Brukerdiskusjon:Skomedal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Velkommen!

Hei, Skomedal, og velkommen til Setesdalswiki.

Velkommen

Vi håper du vil ha nytte av det du finner Setesdalswikien. Ikke vær redd for å gjøre noe feil, det blir sannsynligvis rettet opp raskt.


--Harald Haugland (diskusjon) 14. aug 2012 kl. 09:59 (CEST)

Gamle hus frå Skomedal på Norsk folkemuseum.[rediger]

I samband med at det skulle byggjast ny løe med nytt fjøs og ny stall på Bjørkevollen i 1941, vart dei gamle bygningane - fjøset, stallen og løa - flutte til Norsk folkemuseum på Bygdøy. Der står dei no i Setesdalstunet, velhaldne og typiske for den tida sin byggestil. Det sto nærast identiske bygningar på kvar gard. Dei er innhenta av tida og er borte no alle saman. Arbeidet ved demonteringa i 1941 vart dokumentera ved mange fotografi som er tilgjengelege i 'Digitalt Museum'. Nettstaden har adresse http://primusweb.no og ved å fylle ut søkefeltet med Skomedal får ein fram 93 bilete. Dei fleste syner demonteringa av fjøset, stallen og løa, men det er og nokre personar og ting som er fotografera.

Eg undrar meg litt på kva du har meint med å laste denne teksten opp som pdf-fil. Det kan vere aktuelt med ein artikkel om Bjørkevollen Skomedal på Setesdalswiki, der du kan ha ei avdeling om dei gamle bygningane og legge bileta frå Norsk Folkemuseum i eit galleri i artikkelen. Men det vør vel og vere noko om noverande status i ein slik artikkel. --Harald Haugland (diskusjon) 20. des 2013 kl. 17:08 (CET)
Utgangspunktet var bare å gjere dei lesarane som slår opp på 'Skomedal' merksame på biletsamlinga som finst og gje adressa til nettstaden. Eg har tydelegvis ikkje skjøna korleis du får ut tekst i lesefeltet. Kan du hjelpe med å legge ut teksten dersom du tykkjer det er verdt å ha med i omtalen av 'Skomedal'? Ein kunne sikkert skrive ein kort artikkel om slike hus, men bygdeboka har så mykje og detaljert informasjon om gardane at det ville vel bli lite nytt.
Då har eg lagt avsnittet inn som eit avsnitt i artikkelen om Skomedal med lenke til sida på Digitalt museum. For å lage ein artikkel om Bjørkevollen Skomedal klikkar du på den raude lenka og skriv, akkurat slik som her på brukardiskusjonssida. Bilete må lastast opp til setesdalswiki før dei kan leggjast inn i artikkelen. Sjølv om det sår mykje i bygdeboka, ville ein artikkel om garden vere til glede for alle som ikkje har bygdeboka for handa, og bileta frå Digitalt museum ligg ikkje der, så om du lagar eit galleri av bilete som er relevante, vil det vere ein rikdom for kunnskapen om grenda. --Harald Haugland (diskusjon) 25. des 2013 kl. 21:36 (CET)