Brukerdiskusjon:Livgunn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Velkommen[rediger]

Hei, Livgunn, velkommen til Setesdalswiki. Hyggeleg at du registrerte deg. Den beste måten å lære dette på er å gjere som du nettopp gjorde, fikse litt på ein artikkel der du finn at noko kan fiksast. Etter kvart lærer du systemet. Ikkje ver redd for å gjere feil, det du skriv vert sjekka og fiksa om det skulle verte noko som ikkje er som det skal vere.

Då du var hos meg i Valle Radio før sommarferien, snakka vi om Postkassetrimmen i Valle. Eg skreiv ein artikkel om arrangementet, kan hende du finn noko der du vil fikse på. Om du vil skrive ein artikkel om ein stad, er det bare å skrive namnet i søkeruta, då kjem det opp ei rød lenke om vi ikkje har artikkelen, og så er det bare å klikke på den og skrive i veg. Vi signerer ikkje artiklar, men om du skriv i brukerdiskusjon, er det greit å signere, då trykkjer du på knapp nr. 10 over redigeringsvinduet, så kjem både namn og dato automatisk. Lukke til, og ikkje ver redd for å spørje om du lurer på noko. --Harald Haugland 3. okt 2010 kl. 00:36 (CEST)