Bjarne Stubseid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjarne Stubseid
Født: 1936
Død: 1966 (alder 29–30)

Bjarne Stubseid (fødd 1936, død 1966) var son til Kristian Stubseid og kona Gunhild Stubseid.

Torkjel Segberg skriv om han: I samband med bilete av framhaldskulen i Grendi 1951-52 har eg hug til å leggje til nokre ord om Bjarne Stubseid. Han låg i ei hylle over oss andre.

Eit døme: Han starta på skulen ei tid etter oss. Grunnen var eit polioutbrot på Austad. Ose-Austad vart isolert nokre dagar. Då han hadde første engelsktimen, spurde læraren om han hadde hatt noko engelsk frå før. Han svara ja, og han las perfekt engelsk. Me hadde ikkje engelsk i folkeskulen i vår oppvekst. Dette var kunnskap han hadde tileigna seg.

Eg har seinare spurt meg sjølv om han like godt kunne ha sløyfa framhaldsskulen. Likevel fekk han nok med seg ting han ikkje visste frå før. Eg høyrde til i andre enden. Med min bakgrunn lærde eg svært mykje på desse månadene.

Valde skulevegen

Sjølvsagt valde Bjarne skulevegen. «Papa seier at eg kjem til å trege om eg inkje gjer det», sa han når ein spurde han om vegen vidare. Han hadde hovudfag i fysikk. Tittelen var Dei sovjetiske diskusjonane om den spesielle relativitetsteorien 1948-1963. For ein som ikkje har særleg greie på dette kan ein vel seie at dette ligg nær Einstein sine tankebanar. Bjarne forstod desse tankane, toppkarakteren han fekk fortel oss det. Innan atomlæra kunne han ikkje tileigne seg meir kunnskap her i landet. Han hadde tidt artiklar i Syn og Segn. Eg abonnerte fast på tidsskriftet den gongen. Det ligg langt attende i tid. eg hugsar ikkje innhaldet.

I 1963 gifte han seg med Lisbeth frå Nord-Sjælland, Danmark. Dei fekk ei dotter, Gunhild, f. 1965. Alt i 1966, 30 år gammal, måtte han gje tapt for kreften.

Gravlagd på Austad

Ein av dei fyrste dagane i 1967 vart Bjarne gravlagd på Austad gamle kyrkjegard. Sørgjehøgtida var i heimen hans på Austad. Det var stor deltaking frå familie, grannar og vener. Det var ein trist og tung dag. Fyrst og fremst for kona Lisbeth, foreldra Gunhild og Kristian, syskena hans og nær familie, men også for Austad-grenda og me som kjende Bjarne. Austad-grenda, ja dalen med hadde mist ein av sine store søner. Han hadde så vidt starta på si livsgjerning.

Kjelder[rediger]