Arneberg og Dales legat
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arneberg og Dales legat er eit legat stifta av John G. Arneberg. I 2010 var eigenkapitalen på 489 000 kroner og gjelden på 0 kroner. Styreleiar og kontaktperson er soknepresten i Bygland, Eiliv Lønningen. Han hadde med seg Anne Gro O Hara, Sigbjørn Horverak, Sigurd Langeid og Wenche Tove Sjurseth i styret, men hausten 2011 oppnemnde Bygland kommunestyre Torhild Austad som medlem i styret i staden for Sigbjørn Horverak.
Formål
Formålet er
- Økonomisk stønad til vanskelegstelte born og eldre trengande, anten som fellestiltak eller individuelle ytingar. På elles like vilkår kan dei prioriterast som kjem fra Årdal, Austad og Sandnes sokner.
- Utdanningestipend til ikkje velståande ungdom frå Bygland. Når stipenda vert delte ut, skal ungdom prioriterast som ynskjer å studere engelsk språk og vitskap på vidaregåande skule eller på høgskulenivå. Det er også høve til å gje bidrag til andre tiltak som kan fremje kjennskap til engelsk språk og kultur i Bygland kommune, til dømes til kurs, foredrag eller utdeling av bøker. Ledige legatmidlar vert normalt kungjort innan februar månad.