17. mai-tale 2022

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

17. mai-tale 2022 er talen Lars Tarald Myrum heldt 17. mai 2022 i Valle.

Godtfolk!

Endeleg har dagen kome – dagen då me på nytt kan feire nasjonaldagen vår slik som me helst vil. Samla – som tradisjonen har vore – i folketog, tett i tett med vener, familie , og kvarandre. Me kan på nytt gjere 17.mai til ein festdag slik han var meint å vere - med leikar og aktivitetar for born, unge, og dei noko meir vaksne. Endeleg. Og alle som har vore born ein 17.mai, veit at den verkelege høgtida startar når alle dei vaksne går inn for å høyre på talen, for då er det fritt fram for fanteri og spikk ute på plassen!

Historisk perspektiv[rediger]

For dei av oss som i tilbake 2019 tykte at 17.mai kom noko brått på i år ATT, som ikkje kunne finne bunadsskoa eller slipset, som hadde gløymt å stryke skjorta, eller laut råkøyre for å take att biltoget - så har kanskje dei siste to åra minna oss om at feiringa me før har teke for gjeven, ikkje er ei PLIKT, men eit PRIVILEGIUM.

Under krigsåra var det forbode å feire 17.mai. Okkupasjonsmakta klara å stogge offentlege markeringar, men ein veit at det likevel vart halde samankomstar i løynd mange stadar i landet.

I kultursoga for Valle kommune kan me lese at det kunne vere så ymse med 17.mai-feiringa til godt inn på 1900-talet, og sjølv då ungdomslaga tok ansvar for tilskipinga, kunne frammøtet vere variabelt. Det var fyrst etter 2.verdskrigen var over at det vart skikkeleg samling om markeringa, og det er ikkje til undrast over at den nyvunne fridomen gav perspektiv, og ein heilt annan gneist til å feire grunnlovsdagen. Om bakgrunnen er ulik, vil eg likevel meine at det er med ei viss kjensle av nyvunnen fridom me møter fram til fest i dag.

Pandemien[rediger]

Me kan sjå tilbake på dei siste to åra, og tenkje at corona-pandemien har teke frå oss mykje. Sjølv om skilnaden frå ein vanleg kvardag nok merktest endå meir på større stadar, har også me her i kommunen kjent på at stengte dører og avlysingar har sett preg på samfunnet. Me vaksne tykte kanskje at det ikkje var noko ulempe å få nokre fleire ledige timar i kalenderen. Det var nokre dagar, der ein kjende på at heimekontor slett ikkje var så verst, og at ein brått fekk frykteleg god tid på ettermiddagane. Men det gjekk for over ettersom at alvoret gjekk opp for oss.

Me såg at restriksjonane truga næringslivet. Mange bedrifter vart hardt råka av lågare aktivitetsnivå og usikkerheit. For mange er det framleis langt att før ein er attende til normalen.

Det vart også klart for oss at det slett ikkje var alle som kunne sitje på heimekontor med kaffikoppen, men var nøydde til å stille på jobb likeins som før, i nokre tilfelle med fare for eiga og andres helse.

Og ikkje minst var det dei svakaste av oss som kjende kvardagen endra seg mykje. Dei eldre, som laut klare seg utan besøk og nærkontakt med kjende og kjære. Velkomne høgdepunkt i kvardagen som brått forsvann.

Og dei unge – som på ein augneblenk stod omtrent utan fritidstilbod, og som også for ein periode mista det sosiale samværet i skulekvardagen.

Me har vore gjennom ein stri tørn, men det må vere lov å meine at me trass alt har klara oss godt.

Tillit[rediger]

Ei av årsakane til at me har klara å kome oss tilbake til ein normal kvardag, har vore at me i Noreg har ei grunnleggjande tru på at dei til ei kvar tid styrande myndigheitane vil oss vel. Me liter på at reglar og retningsliner i det store og heile er til det beste for enkeltmennesket og fellesskapet. Og me har tiltru til at det som gjeld ein, gjeld alle. Grunnlova frå Eidsvoll gav grobotn for eit samfunn med like rettar, og relativt sett små skilnadar på folk. Eit land der økonomiske, sosiale og kulturelle skiljeliner ikkje er like kvasse eller like synlege som i ein del andre nasjonar. Som det heiter i songen av Ivar Aasen: «mellom kaksar eg ikkje kan trivast, mellom jamningar helst er eg nøgd».

Så skulle me då oppleve at prøvingane ikkje var over, men at ei ulukke sjeldan kjem åleine.

Lro I år feirar me vår eigen fridom og sjølvstende medan ein invasjonskrig herjar i Europa. Det er ein brutal kontrast mellom glade og leikande born her i Noreg, med is på finkleda som si største bekymring, og bileta frå Ukraina av born på flukt frå bomberegn, artillerield og lidingar.

Krig i Europa[rediger]

Det er mest uverkeleg å fylgje nyheitssendingane med rapportar frå Kharkiv, Kherson, og Mariupol , og me trudde vel alle at me skulle ha kome lenger i 2022. At dei demokratiske prinsippa stod sterkare, at menneskeverdet stod sterkare, at viljen til å påføre andre liding hadde vorte svakare.

Me som hadde vorte så moderne, så siviliserte. Me som var så overtydde om at fred i Europa hadde vorte ei permanent tilstand. Men me har levd i gode tider – truleg dei beste nokosinne – om ein reknar ut frå økonomisk og sosial velstand. Kan hende var det berre tida for ein korreksjon, som ein seier på finansspråket - eit steg tilbake, før ein kan ta nye steg framover. Lat oss alle håpe at tilbakesteget vert stutt.

Lærdom i motgang[rediger]

Så må me hugse at det er lærdom i all motgang:

Me er ikkje lenger naive. Me ser at grannane våre - Sverige og Finland - søkjer seg mot forsvarsalliansen NATO. Dette gjev moglegheitar for tettare militært samarbeid mellom dei nordiske landa.

For fleirtalet av oss har beredskap gått frå å vere noko som kunne verke abstrakt og unødvendig i fredstid, til verte fyrstesidestoff i media, og samtaleemne i heimar og på arbeidsplassar. Beredskap er å førebu seg på noko ein håpar aldri vil hende – og lat oss no håpe at vassdunkar, hermetikk og stearinljos får lange liv i fred og ro i bodar og kjellarar i heile Noregs land.

Og når ein fyrst skal sjå det gode i det vonde, så ser me også teikn til at bondens arbeid vert meir verdsett i urolege tider. Russland og Ukraina står for omlag ein tredjedel av verdas kornproduksjon. I tillegg har India, som er verdas nest største produsent av kveite, stogga eksporten av denne vara.

Mange vil meine at me i Noreg er så godt stilt økonomisk, at me ikkje treng uroe oss for tilgangen på mat. Me vil alltid kunne kjøpe det me treng – til dei prisane som ei kvar tid er gjeldande.

Tryggleik[rediger]

Men er me ikkje tryggast når me i størst mogleg grad kan syte for oss sjølve? Korleis kan eit etisk forsvare å kjøpe maten ut or munnen på fattigare land? Med dette bakteppet er det gledeleg å sjå at me opplever eit auka fokus på sjølvforsyning og heimleg produksjon. Eit velfungerande landbruk med støtte frå folket, er eit sunnheitsteikn for ein nasjon. Men i Ukraina vert ikkje kornet sådd i vår. Bonden har vorte soldat, og kvinner og born er på flukt.

Er me heldige, kan det vere at nokre av desse som har flykta frå krig og elendigheit kan verte våre nye sambygdingar. Viss det skulle skje, vil me vere i den priviligerte situasjonen at me får dele vår tryggleik med andre. Og plent tryggleik er kanskje den største rikdomen me har her me bur. Ein grunnleggjande ingrediens i eit godt liv.

I retur vil me få gleda av å lære å kjenne menneske frå ein annan kultur, med anna språk, annan kultur, og andre tradisjonar. Og me vil verte rikare av ei slik erfaring. Når me står så trygt i eigen kultur, kan ein berre tene på å gjere seg kjend med andres. Eg tykkjer den amerikanske poeten Walt Whitman har sagt det enkelt og godt: «Be curious, not judgmental» (Vèr nyfiken, ikkje dømande).

Positiv interesse[rediger]

Då kjem eg i hug Kjetil Jore. Kjetil budde i husa midt i Valle sentrum der eg bur med familien i dag. Eg hugsar han best då han var godt oppi åra, syklande etter vegen på ein karakteristisk trehjulssykkel. Når han møtte folk etter vegen som han ikkje kjende – det kunne like gjerne vere utanlandske turistar som bygdefolk – kunna han stoppe sykkelen, og spørje «Kven er du for ein», og så var samtalen i gang. Denne grunnleggjande interessa og nyskjerrigheita i medmenneska våre, trur eg me alle kan lære noko av.

Og kanskje har du sjølv gått forbi nokon etter vegen, og etterpå kome på at du kanskje skulle teke ein prat med vedkomande? Det har eg . På veg til arbeid her på skulen syklar eg jamt forbi fleire unge vaksne med sekk på ryggen. Alle har dei kurs mot Valle vidaregåande, der dei vil lære seg sylvsmedkunsta. Stundom tenkjer eg at det kunne vore moro å tala med dei. Ynskje dei velkomen, høyre kven dei er, kvar dei kjem frå, og korleis dei likar seg her. Men så vert det berre med tanken.

I seinare tid har det gjenge opp for meg kor positive innslag elevane ved den vidaregåande skulen er, og har vore, i kommunen. Frå alle kantar av landet - med ulike dialektar og ulike bakgrunnar, ulike hårsveisar og ulike klesstilar, skil dei seg ein del ut frå bygdefolket. Dei passar ikkje heilt inn – og difor passar dei heilt perfekt.

Eg er glad for at skuleborna våre ser dei kvar dag, på veg mellom skule, internat og sentrum, for eg trur dei finn ein viktig lærdom der, som ein ikkje berre kan lære i eit klasserom – det finst ingen fasit på eit menneske. Du kan vere den du vil. Dette er grunnleggjande verdiar å bere med seg på vegen til å verte eit sjølvstendig individ.

Frivilligåret[rediger]

For det er det me ynskjer for borna våre: at dei vert sjølvstendige menneske, som er trygge i seg sjølve og den dei er. Me må sende dei ut i verda forholdsvis tidleg. Då er tida knapp til å skape eit trygt fundament for vegen mot vaksenlivet. Dette fundamentet vert til i møte med vaksne og jamnaldrande - på skule, i fritida, og i organiserte fritidsaktivitetar. 2022 er Friviljugheita sitt år. I kommunen vår har me sterke tradisjonar for dugnad og friviljugt arbeid. Me er godt rusta med lag og grupper som stiller opp ved ulike tilstelningar og merkjedagar. Likevel vil eg denne gongen rette fokus mot den friviljugheita som er retta mot born og unge. For me har berre ein barndom.

Denne barndomen må fyllast med leik og glede, men også forventingar og utfordringar. Inkludering og positive tilbakemeldingar. Til saman skapar dette trivsel, og trivsel skapar gode barndomsminne som ein tek med seg resten av livet.. Og kanskje er det også minne om ein gild barndom, som ein dag skal få våre unge til å ta valet om ein dag å vende heim og etablere seg i kommunen.

Takk[rediger]

Difor vil eg i dag rette ein takk til alle som stiller opp for dei unge, dag etter dag, veke etter veke, og kanskje år etter år - i skilåma og på fotballbanen, på motorsportsenter og i idrottshallar, på dansegolv, på skjotebanar og i FAU. Innsatsen de legg ned no , vil påverke unge liv i årevis frametter. Og me vil trengje dykk også i morgon, og neste veke, og til neste år - og helst endå fleire som dykk.

Då er det vel lite som passar betre enn at me nett har delt ut utviklingsstipend til ungdom. Og på mange måtar er denne tradisjonen eit døme på korleis eit lokalsamfunn kan fungere på sitt beste: me skal vere ein startblokk når me kan, men me kan også vere eit sikringsnett når me må.

Og me bur i eit land som er tufta på solide verdiar – som er bygd av dei som var før oss, og som skal forvaltast av dei som kjem etter oss – og der me også etter denne 17.mai kan går framtida i møte med framtidstru, optimisme og pågangsmot.

Gratulerer med dagen!