Øvre Haugå (Bygland gnr. 36 bnr. 4)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Haugå mai 2016.

Øvre Haugå er eit gardsbruk (gnr. 36 bnr. 4) på Haugå nord i Kyrkjebygda i Bygland. Knut Sigurd Haugå (f. 1962) har heimelen til garden. Han bur der saman med kona Signe Sollien Haugå.

Historie

Etter ein langvarig prosess som tok til på 1500-talet, blei garden Kvåle delt i to, Kvåle og Haugå. Sidan blei kvar av desse gardane delt i to like delar, så det blei fire hovudbruk. Haugå blei såleis til Nedre Haugå og Øvre Haugå. Det skjedde rundt 1650-1660.

Kvåle og Haugå er formelt ein matrikkelgard med namn Kvåle og gardsnummer 36. «Men i røynda er det tale om to gardar», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[1]

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 382-414

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 183