Vonheim (Bygland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. august 2018 kl. 15:19 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (→‎Vonheim bedehus gjeldfritt til innviinga: Vonheimkoret)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vonheim
Foto: Siri Johannessen
Program ved vigslinga i 1988

Vonheim er bedehuset på Bygland. Det ligg midt i bygda, om lag 100 meter aust for Bygland kyrkje.

Det gamle bedehuset

Det gamle Vonheim låg der lensmannskontoret på Bygland ligg no. Det vart sett opp av tømmer i 1905 i halvanna høgd, då var huset 100 kvadratmeter og hadde to rom, kjøkken og galleri. I tillegg var det vedskjol. Eigar av huset var Bygland kyrkjelyd.

Bygland kommune kjøpte Vonheim

Slik sto det å lesa i Fædrelandsvennen i 1980. Heile soknet var med under reisinga av bygget i 1905, men utover 1970-åra sto huset til nedfalls, og i 1980 vart det nytta til lagerplass for kommunen.

I 1978 lukkast Bygland sokneråd med å finna ei lageleg tomt for eit nytt meinighetshus då Birgit Thorkildsen ville selja tomt frå den gamle lensmannseigedomen midt i bygda. Ho ynskte å selja til evangelisk-lutherske misjonsorganisasjonar, og dette gjekk soknerådet med på. Soknerådet foreslo for kommunestyret at kommunen kunne kjøpe Vonheim for kr. 40 000. Desse pengane skulle så gå til kjøp av ny tomt og til byggekostnader til nytt bedehus.

Samrøystes vedtok kommunestyret kjøp av Vonheim for kr. 40 000, mot at kjøpesummen vart lånt til kommunen mot ei rente på 7,5 % og med 1 års oppseiing.

Vonheim bedehus gjeldfritt til innviinga

Slik stod det å lesa i Setesdølen i 1988. I 6-7 år hadde ein vore i gong med dugnadsarbeid, og rundt 2000 timar var lagt ned i bygginga. Vidare var det lodda ut rundt 1400 basarkaker for å skaffa pengar. Mange pengegåver hadde strøymt inn, den største på heile 170 000 kroner. Så vart det eit staseleg bygg på 250 kvm. grunnflate. Innviinga fann stad på sundag 16. oktober 1988. Vonheim er og vigd til kyrkjerom.

Vonheimkoret var etablert i samband med vigslinga av huset, der Asbjørn Aavik var festtalar.

Kjelder

  • Norges Bebyggelse 1956, A/S Norsk faglitteratur G. Reinert, redaktører H. M. Fiskaa og H. Falck Myckland, Herredsbind for Aust-Agder vestre del
  • Fædrelandsvennen, 2. juli 1980: «Bygland kjøper bedehuset Vonheim».
  • Setesdølen nr. 76, 1988, 27. september: «1400 basarkaker og mykje meir: Bedehuset på Bygland gjeldfritt til innviinga».
  • Setesdølen nr. 82, 1988, 18. oktober: «Innviingshøgtid i Bygland på sundag: -Bedehuset er ein arv til dei yngre generasjonane».