Viki (Bykle gnr 10 bnr 10)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. august 2017 kl. 20:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Viki var eit bureisningsbruk (gnr. 10 bnr. 10) i Nordbygdi, på sørsida av Botsvatn, i Bykle. Bjørgulv F. Nesland (f. 1909, d. 1983) tok til å dyrke opp bruket i 1938. Han og kona Guro Olsdotter Nesland (f. Rygnestad 1909, d. 2005) dreiv bruket fram til 1970. Då flytta dei derfrå på grunn av dei komande vassdragsreguleringane. Etter oppdemminga av Botsvatn går vatnet heilt opp til husmuren når magasinet er fullt. Folke Nesland, eldste son til Guro og Bjørgulv, overtok eigedomen i 1977. I 2006 overdrog han eigedomen vidare til sin son, Bjørgulv Nesland (f. 1977). I dag brukast Viki som fritidseigedom.

Kjelder

Eksterne lenker