Veststedjan naturreservat

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Veststedjan naturreservat er eit 250 dekar stort naturreservat vest for Skomedal i Bygland kommune. Det vart oppretta 10. oktober 1986 som ein del av Verneplan for myr i Aust-Agder og var det einaste myrreservatet i Bygland i denne planen. Ved opprettinga vart det kalla Vestedjan naturreservat, men 15. august 1988 vart føresegna endra og rett namn kom inn.

«Føremålet med vern er å ta vare på eit relativt stort og naturleg avgrensa myrområde som inneheld både bakkemyr, flatmyr og strengmyr[1]

Veststedjan naturreservat ligg 540 moh vest for den 650 meter høge Hauglandsheii. For å kome dit fylgjer ein bomvegen som går inn frå Riksveg 9 sør for Skomedal.

Fagleg vurdering

Botanikar Asbjørn Moen besøkte området 19. august 1971. Han meinte at eit større myrlandskap i dette området burde vernast. Myrene ved Skåmfiti hadde vore større og betre å verne, men vegar og grøfting hadde påverka dette området sterkt. Også myrene i Vestre Trældal kunne vore aktuelle å verne, ut frå bilde og kart, men han besøkte ikkje det området. Om Veststedjan skreiv han:

Verneverdi: 2 (-3)

Myrtype

Myrene ligger som i el gryte omgitt av skogsåser. Oppover liene har bakkemyrene opp til 10 grader helling, mens flatmyrer dominerer i dalbunnen sammen med strengmyrer (fastmatte/mykmatte i veksling med løsbunnflarker). Mye erosjon og naken torv.

Flora
Vegetasjon

Bare fattig vegetasjon er registrert i Veststedjan. Fastmatte med Scirpus caespitosus-dominans er vanligst. Småtuer forekommer, men vanligere er mykmatter. Løsbunn forekommer i flarker og på eroderte partier. Ved bekker dominerer Molinia-samfunn.

Inngrep

Ingen tekniske inngrep.

Synspunkt i prosessen

Frå «Foredrag til kongeleg resolusjon om verneplan for myr i Aust-Agder» tek vi med

Ein grunneigar ville ha den sørlegaste delen trekt ut av reservatforslaget av omsyn tii skogsdrift. Bygland landbruksnemnd var delt i synet på spørsmålet om vern. Bygland skogråd gjekk inn for vern under føresetnad av at dette var i samsvar med grunneigar sitt ønske.

Fylkeslandbruksstyret gjekk inn for vern og myrutvalget hadde ingen merknader til verneforslaget. Fylkesmannen i Aust-Agder gjekk etter avklaring med grunneigar inn for ei avgrensing etter det opprinnelege forslaget.

Miljøverndepartementet gjekk så inn for vern av Veststedjan som naturreservat etter fylkesmannen sitt forslag.

Referansar og kjelder

Kart

Laster kart...