Vatndalsvatnet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Vatndalsvatnet august 2010
Vatndalsvatnet sett frå Sæbyggjenuten. Vatndalsdammen til venstre i biletet.
Foto: Reidar Tveito
Vatndalsvatnet sett oppe frå Uraråjuvet
Foto: Reidar Tveito
Noregs største fyllingsdam i 1983
Foto: Reidar Tveito

Vatndalsvatnet er eit vatn som ligg i Bykle kommune. Det går veg (sperra for biltrafikk) langs sørbredda av vatnet inn til Ormsavatnet, med ein stikkveg opp til Store Urevatn. Vatnet er regulert, og Vatndalsdammen er ein stor fyllingsdam i austenden av vatnet. Etter at dammen vart bygd, har Vatndalsvatnet ein magasinkapasitet på 1 150 mill. m³.

Vatnedalsvatnet grenser i sør, vest og nord til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.

Fyrste regulering av Vatndalsvatnet

Den 22. november 1912 fekk Otteraaens Brugseierforening konsesjon for regulering av Vatndalsvatn og 8 andre vatn i Setesdal. Vatndalsvatn skulle hevast med 5 meter, og i tillegg senkast med 2,5 meter. Dette var det største reguleringsinngrepet i Setesdal fram til då. Før reguleringa tok til, var det eit lite samfunn på 4 gardsbruk og ein husmannsplass i Vatndalen. Husa vart spara under oppdemminga, men det meste av dyrka mark vart øydelagt av vatnet. Tri av eigarane flutte aust for vatnet, og braut opp ny jord der.

Denne fyrste dammen som vart sett opp mellom 1917 og 1919, var ein steinkistedam. Denne konstruksjonen har kammer fylt opp med stein, og har veggar av tømmer. Utanom sjølve demninga vart det grave ut ein kanal for å få senka Vatndalsvatnet inntil 2,5 meter under gamal vasshøgd. Senkinga var ikkje heilt vellukka sidan ein ikkje klara å få ut dei siste 80 cm.

Nye reguleringar i Vatndalsvatnet

Bruken av elektrisitet auka meir enn kraftverka klara å produsera. Vassmagasina var for små når forbruket var størst under vinteren. Planar vart utarbeidd for ei ny reguleringshøgde på 21 meter i Vatndalsvatnet, og konsesjon vart gjeven 9. juli 1942. Nå skulle det byggjast ein bogedam i betong, men arbeidet gjekk seint i krigsåra. Fyrst i desember 1947 vart den nye dammen ferdig.

Kamp mot naturkreftene. I mai månad 1947 sleit anleggsfolka dag og natt, og heilagdagar med, i eit kapplaup med snøsmeltinga. Vatnet steig 25 cm i døgeret, og det var om å gjera å få støypt ferdig midtseksjonane i demninga. Om ettermiddagen 16. mai kom flaumen veltande over fangdammen som heldt vatnet borte frå anleggsområdet. Men botnen av seksjon 7 var då fylt med betong slik at vatnet ikkje kom inn i forma. Det gjekk bra og dammen vart ferdig.

Hoslemo kraftstasjon. Dette vesle kraftverket vart sett opp i 1943 for å gje straum til Vatndalsanlegget, og i desember 1943 var produksjonen i gong. Etter anlegget vart stasjonen overteke av Aust-Agder Kraftverk, og overføringsliner vart strekt. I mars 1950 fekk Vatndalen, Hoslemo, Berdalen og Bykle kyrkjebygd straum. Den store reguleringskommunen i Aust-Agder var då den siste til å få innlagt straum i husa.

Den siste reguleringa

Etter mykje usemje fekk ein den 4. april 1979 godkjenning til å overføre Otra frå Lislevatn til Vatndalsvatnet gjennom eit omfattande tunnelsystem. Derifrå må vatnet inn i eit nytt tunnelsystem innan det kjem til Holen kraftverk ved Botsvatn, vest for Bykle. Denne siste reguleringa innebar ein mykje høgare demning i Vatndalsvatn. Nå vart det ein fyllingsdam, Noregs største, som skulle gje ei total reguleringshøgde på 140 meter. Den tidlegare betongdammen frå 1948, som den gong var ein av dei største i Noreg, vart nå gøymd inne i massane til den nye. Arbeidet vart ferdig hausten 1983.

Kjelder

Kart

Laster kart...