Valle bygdekvinnelag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Valle bygdekvinnelag vart skipa i 1947. Laget har faste møte i vinterhalvåret. Dei har satsa mykje på å halde kurs om lokale tradisjonar, og dei nyttar Tosong som kurslokale. Laget har gjeve ut bøker, kassett og video for å ta vare på og føre vidare gamalt handverk og tradisjonar frå Valle. I 1997 fekk laget Valle kommune sin kulturpris. Frå 1995 har dei gjeve ut Valle bygdekvinnelags kalender. Laget har og eit fast innslag i Kulturveka i Valle med eventyrvandring frå skulen/barnehagen opp til Tveitetunet, der dei syner ei eventyrforestilling.
Jingle for Eventyrvandringa 2020 laga av, og nytta i Valle Radio.

Leiarar

Desse har vore leiarar gjennom åra:

Æresmedlemmer

I samband med markeringa av 60-årsjubileet vart fem av medlemmene utnemnde til æresmedlemmer. Det var May Lis Flateland, Anne Lise Harstad, Ingebjørg Vegestog Homme, Petra Homme og Birgit Tveiten.[1]

Bokutgjevingar

Referansar

  1. Æresbygdekvinner i Valle. Omtale i Setesdølen nr. 95, 2009 side 9