Valle Radio

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. desember 2017 kl. 18:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (→‎Medarbeidarar: Solveig Rysstad)
Hopp til navigering Hopp til søk
Valle Radio i Setesdalstunet, i andre etasje i huset til høgre.

Valle Radio er lokalradio for Valle kommune. Den vart etablert i 1997 og hadde til å begynne med rom i 3. etasje på det gamle kommunehuset i Valle. Men då Setesdalstunet vart bygd, fekk radioen plass i etasjen over dåverande Trygdekontoret, som no er kontor for skulepsykologen i Setesdal. Der har han vore sidan.

Styre

Dei fyrste åra var Hallvard Kjelleberg leiar av radioen. Då han døydde, overtok Theis Salvesen. Då han flytta frå Valle kommune, vart Harald Haugland vald til leiar, og då han gav seg etter to år, frå 2007 til 2009, overtok Ørnulf Hasla som styreleiar i 2009.

Etter valet i 2011 hadde han desse med seg i styret: Britta Lise Homme, nestleiar Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef, Inga Flateland, styremedlem. Varamedlemmer vart Rolf Erik Homme og Anna Rysstad .

Ved valet i 2012 gjekk Inga Flateland ut av styret og Kåre Rike kom inn. Anna Rysstad gjekk ut av varamannslista og Harald Haugland kom inn som 2. varamann.

Revisor Hallvard Holum vart attvald, og Inga Flateland og Niklos K. Besteland vart valkomite.

Sending

Valle Radio sender tysdags- og onsdagskveldane over sendernettet til Bykle Radio og dekkjer Valle kommune og Bykle kommune. Sendingane startar normalt klokka 18:00. Radioen har sommarferie frå 1. juni til september.

Tysdagar

Tysdagane er Harald Haugland ansvarleg for ei sending som i stor grad har kristeleg preg. Mykje av stoffet hentar han frå Norea Mediemisjon. Annankvar tysdag er Niklos K. Besteland med i studio for å lage programmet Postludium. Men sjølv om det er mykje kyrkje- og kristenliv desse dagane, nyttar han høvet til å ta med aktuelle saker av og til, i tillegg til at folkemusikk kan stå på programmet. Sjå Liste over tysdagsprogram i Valle Radio 2011.

Onsdagar

Onsdagane er det bygderadio med nytt frå næringsliv og folkeliv, kommunen informerer, andakt og open sending. Ansvaret for desse sendingane er delt mellom fleire programleiarar. Sjå Liste over onsdagsprogram i Valle Radio.

Medarbeidarar

Programleiarar

Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt. I tillegg kjem programleiarar for Open sening og påskesendingane: Helge Dahle, Jorunn Lund Harstad, Kåre Rike og Rolf Erik Homme.

Teknikarar

Inga Flateland, Torleif Haugen, Harald Haugland, Jørund Georg Jore, Torhild Sandnes, Marcel Tiedje.

Telefonvakter

Jorunn Lund Harstad, Ingebjørg Helle Haugen, Jorunn Helle, Berit Homme, Olaf Henrik Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Solveig Rysstad, Ingunn Åkre Uppstad.

Blogg

Harald Haugland skriv ein blogg basert på programma i Valle Radio, Valle Radios blogg. Bloggen har hatt over 400.000 besøk frå vi starta i oktober 2005. Extension:RSS -- Error: "http://blog.setesdalswiki.no/feed/" er ikke i hvitelisten for tillatte matinger. https://setesdalswiki.no/blog/feed/ er eneste tillatte mating.

Sjå også

Eksterne lenker